Norgesglas

(Omdirigert frå Norgesglass)

Norgesglas er eit fellesnamn på glas for hermetisering, sylting og anna konservering. Dei har eit lokk av glas, ei gummipakning mellom lokket og sjølve glaset og ein metallring som skruvast nedpå og festar lokket til glaset.

Eit norgesglas av typen «Norgesglass».
Foto: Kjetil Lenes

Definisjonen på typen er «Norgesglasset», produsert frå 1908 til 1978. Opphavleg produsent og formgjevar er ukjend. Produksjonen blei etter kvart teke over av Drammen Glassverk, frå 1958 Moss Glassverk. Glaset finst i minst seks ulike storleikar og er laga i om lag 75 millionar eksemplar.

Kjelder endre

 
Forskjellige «Norgesglass».
Foto: Kjetil Lenes