Norman Hunter

britisk fotballspelar

Norman Hunter (29. oktober 194317. april 2020) var ein britisk-engelsk fotballspelar frå Gateshead. Han var i meir enn ti sesongar fast midtstoppar på Leeds United sitt suksessrike lag som sikra klubben pokalar i ligaen, FA-cupen, ligacupen og den europeiske messebycupen. Hunter døydde av COVID-19.

Norman Hunter


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 29. oktober 1943
Gateshead
Død

17. april 2020 (76 år)
Leeds

Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1970, VM i fotball 1966, EM i fotball 1968

Utmerkingar

English Football Hall of Fame

Karriere endre

Klubbspel endre

Hunter debuterte for Leeds i september 1962 i ein andredivisjonskamp. Saman med Jack Charlton danna han i årevis det mest solide stoppar-paret i engelsk fotball, der særleg Hunter vart kjent for sin aggressive, tidvis brutale spelestil. Våren 1964 bidrog dei til at klubben rykte opp i 1. divisjon. Våren etter tok laget seg FA-cupfinale mot Liverpool FC, ein kamp som enda med knapp siger til Liverpool.

I mars 1968 vann Leeds over Arsenal FC i finalen i ligacupen, eit halvår seinare kunne Leeds-spelarane heve messeby-pokalen etter siger over Ferencváros i Budapest, begge oppgjera enda 1–0. Året etter vart Leeds og Hunter ligameister for fyrste gong. Etter å tapt den berykta FA-cupfinalen 1970, kom Leeds-mannskapet tilbake med triumfar i messebycupen 1971 og FA-cupen 1972. Hunter spelte alle 42 kampane då Leeds United i 1974 toppa den engelske ligaen for andre gong.

I 1976, etter 540 ligakampar og 18 ligamål for Leeds, måtte Hunter forlate Leeds-garderoba. Sidan var han aktiv i tre sesongar i Bristol City, og deretter i Barnsley FC, begge klubbane spela i lågare divisjonar.

Landslagsspel endre

Hunter fekk sin landslagsdebut 8. desember 1965. Han var med i landslagstroppen då England vann Fotball-VM på heimebane sommaren 1966, men kom sjølv aldri på bana i meisterskapen. Våren 1968 vart han matchvinnar i kvartfinalen mot Spania i Fotball-EM. I januar 1973 skåra Hunter målet som ordna 1–1 mot Wales på heimebane. 28. oktober 1974, etter 28 landskampar, var det over og ut med landslagsspel.

Merittar endre

  • Engelsk ligameister: 1969 og 1974 for Leeds United
  • Vinnar av FA-cupen: 1972 for Leeds United
  • Vinnar av ligacupen: 1968 for Leeds United
  • Vinnar av messebycupen: 1968 og 1971 for Leeds United

Kjelder endre