FA-cupfinalen i fotball 1972

FA-cupturneringa i fotball 1972 vart avslutta med finale på Wembley stadion i London 6. mai 1972. 100 000 tilskodarar såg Leeds United sine 11 utvalde spelarar vinne klubbens aller fyrste FA-pokal etter siger 1-0 mot tittelforsvarar Arsenal FC frå London.

KampenEndra

Leeds-angriparen Allan Clarke avgjorde kampen då han skalla ballen i mål frå 13-14 meters hald i det 53. minutt.

Leeds United sitt historiske mannskap bestod av: David Harvey, Paul Reaney, Paul Madeley, Billy Bremner (kaptein), Jack Charlton, Norman Hunter, Peter Lorimer, Allan Clarke, Mick Jones, Johnny Giles og Eddie Gray.

Arsenal mønstra: Geoff Barnett, Pat Rice, Bob McNab, Peter Storey, Frank McLintock (kaptein), Peter Simpson, George Armstrong, Alan Ball, Charlie George, John Radford og George Graham. Ray Kennedy kom inn i staden for John Radford i det 75. minutt

Dommaren heitte David Smith.

KjelderEndra