Norman Lockyer
Sir Joseph Norman Lockyer (17. mai 1836–16. august 1920), ofte berre kalla Norman Lockyer, var ein engelsk vitskapsmann og astronom. I lag med den franske forskaren Pierre Janssen har han fått æra for å oppdage gassen helium. Lockyer vert òg hugsa for å starta og vere den første redaktøren i det viktige tidsskriftet Nature.
Joseph Norman Lockyer | |||
frå Proceedings of the Royal Society (1909) | |||
Fødd | 17. mai 1836 Rugby i Warwickshire i England | ||
---|---|---|---|
Død | 16. august 1920 (84 år) Salcombe Regis i Devon i England | ||
Nasjonalitet | Britisk | ||
Område | Astronomi | ||
Yrke | fysikar, astronom, universitetslærar | ||
Institusjonar | Imperial College London | ||
Kjend for | Oppdaging av helium, grunnla tidsskriftet Nature | ||
Ektefelle | Thomazine Mary Browne | ||
Barn | William James Stewart Lockyer | ||
Medlem | Royal Society Göttingens vitenskapsakademi American Academy of Arts and Sciences Det russiske vitskapsakademiet |
Som astronom var han ein pionér innafor spektroskopisk solforsking, og han er kjend for studia sine av astronomisk orientering av steinmonument, egyptiske og greske tempel og anna. Han gav ut fleire bøker, mest kjend er The Dawn of Astronomy. A Study of the Temple-Worship and Mythology of the Ancien Egypt (ny utg. 1964).
Prisar og oppkallingar
endre- Medlem av Royal Society (1869)
- Janssenmedaljen frå Vitskapsakademiet i Paris (1875)
- Knight Commander of the Order of the Bath (1897)[1]
- President i British Association (1903 – 1904)
Kjelder
endre- ↑ Meadows, A. J. (1972). Science and Controversy. Cambridge, Massachusetts: MIT Press. s. 2,7. ISBN 0-230-22020-7.
- «Joseph Norman, Sir Lockyer», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 13. august 2014