Warwickshire
Warwickshire er eit grevskap i England. Det høyrer til regionen Vest-Midlands, og grensar mot West Midlands, Staffordshire, Leicestershire, Northamptonshire, Oxfordshire, Gloucestershire og Worcestershire. Administrasjonsbyen er Warwick. Dei største byane er Nuneaton, Rugby, Leamington Spa og Bedworth.
Warwickshire | |
---|---|
![]() | |
Geografi | |
Status | Seremonielt og ikkje-metropolitansk grevskap |
Opphav | Historisk |
Region | Vest-Midlands |
Areal | 1 975 km² |
Demografi | |
Folketal - Totalt (2008) - Folketettleik |
530 500 268,6 /km² |
Etnisitet | 95,6% kvite 2,8% sørasiatiske |
Distrikt | |
![]() |
Det er ingen sameinte styresmakter i Warwickshire, og grensene for det seremonielle og det administrative grevskapet er derfor samanfallande.
Tidlegare var mykje av det vestlege Warwickshire dekt av Ardenskogen, som sidan 1600-talet nesten har forsvunne. Fleire landsbyar har namn som sluttar på «-in-Arden» fordi dei låg i denne skogen.
Bakgrunnsstoff Endra
- Offisiell nettstad Arkivert 2019-01-02 ved Wayback Machine.
- Warwickshire College