Norrønafly er eit norsk flyselskap med base i Rakkestad. Norrønafly vart stifta av Odvar Korsvold den 1. oktober 1953 med hangar, verkstad og kontor i den delen av Fornebu som vart kalla «Dumpa».

Ein Covair 240, lik Norrøaflys Convair LN-LAU

Verksemda dei første åra var fotoflyging, rundflyging og alle formar for fraktflyging.

Selskapet utfører service og vedlikehald på eigne og andre sine fly, og var agent og importør for Pip Aircraft og Cessna.

I 1958 skaffa Norrønafly ein Convair 240 som vart registeret i Norges luftfartøyregister som LN-LAU. I samarbeid med Erik Myhre Reisebyrå starta selskapet så med charterflygingar av pakketuristar til Mallorca. Det vart verande med denne eine sesongen. Korsvold innsåg at Norrønafly ikkje hadde økonomiske musklar til å konkurrera med dei store aktørane. Han heldt fram å satsa på marknaden han kjende best og i 1969 kjøpte han Åstorp gard i Rakkestad, der det vart anlagt hangar og flystripe (Rakkestad flyplass, Aastorp), og flytta delar av verksemda dit.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre