Convair CV-240-familien


Convair 240 var eit passasjerfly produsert av Convair mellom 1947 og 1956. Flyet vart utvikla på grunnlag av ein førespurnad frå American Airlines om å laga eit passasjerfly med trykkabin til å erstatta det klassiske Douglas DC-3.

Det første utkastet til Convair var utforma med to motorar og 40 sete,[1] noko som òg er forklaringa på at flyet har nemninga CV-240. Den første prototypen flaug 16. mars 1947,[2] og den første produksjonsmodellen vart levert til American Airlines den 28. februar 1948. 75 fly vart leverte til dette selskapet, og 50 vart leverte til Western Airlines, Continental Airlines, Pan American World Airways, KLM og Trans Australia Airlines.[3] Convair 240 var òg det første private flyet som vart brukt i ein amerikansk presidentkampanje. I 1960 brukte John F. Kennedy ein CV-240 med kallenamn «Caroline» i den første valkampen sin. Flyet er teke vare på og stilt ut ved National Air and Space Museum.

Variantar endre

 
Convair CV-340 frå KLM landar i Manchester Airport, Ringway i 1954
 
Convair CV-440 «Metropolitan» frå Lufthansa på København lufthamn, Kastrup i 1968
 
Convair CV-580 frå Pionairs australske operatør. Dette flyet er konvertert frå ein CV-340
 
Convair CV-640F fraktfly frå Kitty Hawk Aircargo konvertert med Rolls-Royce Dart turboprop motorar

Sivile variantar endre

Convair Model 110

Convair Model 110 er modellnemninga på ein prototype utan trykkabin med sete for 30 passasjerar. Vengespennet var på 89 fot (27,13 meter) og lengda var på 71 fot (21,64 meter). Maskina hadde to motorar på 2 100 hk (1,567 kW) av typen Pratt & Whitney R-2800-SC13G. Berre eitt eksemplar vart bygd.[4]

Convair CV-240

Convair CV-240 er den første produksjonsversjonen som var utstyrt med to motorar av typen Pratt & Whitney R-2800.[5]

Convair CV-240-21 Turboliner

Convair CV-240-21 Turboliner er ein versjon konvertert til turboprop med Allison T38-motorar. Han vart den første turbopropen som flaug i USA (den 29. desember 1950), men problem med motorane medførte at utviklinga vart avslutta og prototypen vart konvertert tilbake til stempelmotor.[6]

Convair CV-300

Convair CV-300 er ein ombygd Convair CV-240 med to motorar av typen R-2800 CB-17 og naceller tilsvarande dei brukt i CV-340.[7] Ein CV-300 var involvert i ei ulukke som drap tre medlemmar og manageren til rockebandet Lynyrd Skynyrd.[8]

Convair CV-340

Convair CV-340 vart bygd for United Airlines og vart òg nytta av KLM. Maskina var i all hovudsak ein CV-240 som var forlengt slik at det vart plass til fire sete meir. Vengespennet vart òg auka for å betra yting i større høgder. United erstatta DC-3 maskiner med CV-340. Dei hadde 52 CV-340 på vingane i 16 år utan ei fatal ulukke. KLM nytta flytypen frå våren 1953 inntil midt i 1963. Mange CV-340 flymaskiner vart konverterte til CV-440-standarden.[9]

Convair CV-440 Metropolitan

Convair CV-440 Metropolitan er ein CV-340 med forbetra lyddemping og høve for vêrradar. Maksimum vekt auka til 49 700 pund. Det var høve til å auka frå 44 til 52 passasjerar ved å erstatta området for kabinbaggasje med to fleire rader av sete, kjent att ved å ha eit ekstra kabinvindauge. Denne varianten vart implementert for fleire flyselskap som Lufthansa og SAS.[9] Finnair brukte denne flytypen frå 1953 til 1980 utan ei einaste ulukke.

Convair CV-540

Convair CV-540 er ei ombygging frå ein Convair CV-340 til å ha to Napier Eland turboprop motorar i staden for stempelmotorar. Seks flymaskiner vart konverterte av Napier & Son for Allegheny Airlines.[10] Kostnaden for ombygginga var 160 000 GBP per flymaskin. 12 stykk vart bygd av Canadair for RCAF som CC-109 i 1960 for 436 000 GBP per flymaskin. Første flight var 9. februar 1955.[11]

Convair CV-580

Convair CV-580 er ei ombygging frå Convair CV-340 eller CV-440 flymaskiner til å ha to Allison 501 D13D/H turboprop motorar med firebladspropellar i staden for stempelmotorane med trebladspropellar, ein større vertikal halefinne og modifiserte horisontale stabilisatorar. Ombygningen vart utført av Pacific Airmotive på oppdrag frå Allison Engine Company.[10] Kostnaden for konverteringa var rundt 175 000 GBP per flymaskin og tok 60 dagar.[12] Partnair-ulukka i 1989 var ein CV-580.

Convair CV-600

Convair CV-600 er ei ombygging av ein Convair CV-240 flymaskin til å ha Rolls-Royce Dart turbopropmotorar med firebladspropellerar i staden for stempelmotorar med trebladpropellar. CV-600-ombyggingane vart utført av Convair. CV-600 flaug første gong for Central Airlines den 30. november 1965. CV-600-flymaskinen som flaug for Air Metro Airways var konfigurert til å ha 40 passasjerar ombord. I 2012 vart den siste Convair CV-600 (Rhoades Aviation) teken ut av teneste.[13]

Convair CV-640

Convair CV-640 er ei oppgradering av ein Convair CV-340 eller CV-440 med Rolls-Royce Dart turboprop motorar med firebladers propellerer i staden for stempelmotorar med trebladspropellar. CV-600-ombyggingar vart utførte av Convair.[10] I 2012 var totalt sju Convair CV-640-flymaskiner enno i teneste hos flyselskap, ein hos Rhoades Aviation og seks hos C&M Airways.[13]

Convair CV 5800

Convair CV 5800 er ei ombygging av ein C-131 Samaritan av Kelowna Flightcraft Ltd. i Canada. CV 5800 er ein C-131 Samaritan strekt med 14 fot 3 tommar (4,98 m)[14] med samaritanen si opphavlege haleeining i staden for den større halen nytta til CV-580. Desse ombyggingane fekk òg nye luker for frakt, digital flyelektronikk med EFIS og Allison 501-D22-motorar i staden for dei originale R-2800-motorane.

Convair C-131 Samaritan er ei nemning nytta av United States Air Force for flymaskiner av typane CV-240/340/440. Maskinene vart nytta til medisinsk evakuering og VIP under denne designasjonen.

Operatørar endre

Sivile operatørar endre

 
KLM Convair CV-240
 
A Convair CV-580 fraktfly frå IFL Group
 
Ein Nolinor Convair CV-580 landar på Vancouver International Airport
 
Ein Air Chathams Convair CV-580 på Tuuta lufthamn på Chathamøyene i september 2003
 
To North Central CV-580 på Chicago lufthamn i 1973.

Brukarar av Convair i Noreg endre

Fleire heilt eller delvis norske flyselskap har nytta flymaskiner i Convair CV-240-familien. Mellom desse kan ein nemna Mey-Air som hadde CV-240-maskiner, Fred. Olsen Flyselskap som hadde CV-340-maskiner, Nor-Fly Charter som hadde CV-440-maskiner, Partnair som hadde CV-580-maskiner der ein forulykka, Polaris Air Transport som hadde CV-240-maskiner, Scandinavian Airlines System som hadde CV-440-maskiner og Stellar Air Freighter som hadde CV-440-maskiner.

Av dei 20 SAS-flya var følgjande fem registrert i Norges luftfartøyregister:

  • LN-KLB Ivar Viking
  • LN-KLD Ragnar Viking
  • LN-KLE Snorre Viking
  • LN-KLF Birger Viking
  • LN-KLG Sigurd Viking

Kjelder endre

  1. Wegg 1990, pp. 187–188.
  2. Wegg 1990, s. 188.
  3. Gradidge 1997, s. 10–11.
  4. Wegg 1990, s. 183.
  5. Wegg 1990, s. 188, 199.
  6. Wegg 1990, s. 194.
  7. "Convair-Liner History." The American Museum of Aviation. Retrieved: October 21, 2011.
  8. "ASN Aircraft accident: Convair CV-300 N55VM Gillsburg, MS." Aviation Safety Network. Retrieved: October 21, 2011.'
  9. 9,0 9,1 Gradidge 1997, s. 13
  10. 10,0 10,1 10,2 Frawley 1997, p. 86.
  11. Flight November 18, 1960, p. 793.
  12. Flight November 18, 1960, p. 794.
  13. 13,0 13,1 Flight International, October 3–9, 2006.
  14. aerofavourites, Convair CV-240 - CV-640 Arkivert 2017-01-01 ved Wayback Machine.. Henta 17. august 2016.
Bibliografi
  • Best, Martin S. "The Development of Commercial Aviation in China: Part 8A: Central Air Transport Corporation". Air Britain Archive, Summer 2009. pp. 75–92. ISSN 0262-4923.
  • Best, Martin S. "The Development of Commercial Aviation in China: Part 8B: Central Air Transport Corporation - Fleet Lists". Air Britain Archive, Autumn 2009. pp. 103–118. ISSN 0262-4923
  • Best, Martin S. "The Development of Commercial Aviation in China: Part 14: Civil Aviation Administration of China". Air Britain Archive, Winter 2011. pp. 153–171. ISSN 0262-4923
  • Best, Martin S. "The Development of Commercial Aviation in China: Part 14: Civil Aviation Administration of China". Air Britain Archive, Winter 2011. pp. 153–171. ISSN 0262-4923
  • Best, Martin S. "The Development of Commercial Aviation in China: Part 14B: Civil Aviation Administration of China". Air Britain Archive, Spring 2012. pp. 15–28. ISSN 0262-4923
  • Bridgman, Leonard (ed.) Jane's All the World's Aircraft 1955–56. New York: The McGraw-Hill Book Company, Inc.
  • "Commercial Aircraft of the World". Flight, November 18, 1960. Vol. 78, No. 2697. pp. 781–827. ISSN 0015-3710.
  • "Complete Civil Registers: 7: Ethiopia ET: Part Two". Archive. 1996, No. 3. Air-Britain Historians. pp. 63–68. ISSN 0262-4923.
  • Frawley, Gerald. "Convair CV-540, 580, 600, 640 & CV5800". The International Directory of Civil Aircraft 1997/98. Fyshwick ACT, Aerospace Publications, 199, p. 86 ISBN 1-875671-26-9.
  • Gradidge, Jennifer. The Convairliners Story. Tonbridge, Kent, UK: Air-Britain (Historians) Ltd., First edition, 1997, ISBN 0-85130-243-2.
  • Hagby, Kay . Fra Nielsen & Winther til Boeing 747. Drammen, Norway. Hagby, 1998. ISBN 82-994752-0-1.
  • Lambert, Mark. Jane's All the World's Aircraft 1993–94. Coulsdon, UK: Jane's Data Division, 1993. ISBN 0-7106-1066-1.
  • Siegrist, Martin. "Bolivian Air Power — Seventy Years On". Air International, Vol. 33, No. 4, October 1987. pp. 170–176, 194. ISSN 0306-5634.
  • Veronico, Nicholas A. & Larkins, William T. Convair Twins: Piston Convair-Liners: Prop-Jet Turbo Liners. Airliner Tech Series, Volume 12. North Branch, Minnesota: Speciality Press Publishers, 2005. ISBN 978-1-58007-073-7.
  • Wegg, John. General Dynamics Aircraft and their Predecessors. London: Putnam & Company Ltd., 1990. ISBN 0-87021-233-8.
  • Wragg, David W. World's Air Fleets. London: Ian Allan, 2nd edition, 1969. ISBN 0-7110-0085-9.
  • "World Airline Directory". Flight, April 8, 1960, Vol. 77, No. 2665. pp. 484–516. ISSN 0015-3710.