Norsk Folkehjelp er ein norsk humanitær medlemsorganisasjon som vart skipa i 1939 som den humanitære og partipolitisk uavhengige solidaritetsorganisasjonen til den norske fagrørsla.[1] Han har som oppgåve å syne internasjonal solidaritet i praksis ved å støtte utsette grupper som til dømes urfolk, fattige bønder, kvinner og ungdom, slik at dei sjølv vert i stand til å fremje interessene sine. Organisasjonen legg difor stor vekt på å finne dei rette samarbeidspartnarane i landa dei er engasjerte i, og gjere det mogleg for dei å drive arbeidet vidare sjølve.

Norsk Folkehjelp

Typeforening/lag/innretning
Org.nummer871033552
Skipa7. desember 1939
HovudkontorOslo
GeneralsekretærPer Nergaard
Medlemmer16 000
UndergrupperNorsk Folkehjelp Sanitet

Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom

Norsk Folkehjelp Sanitetsungdom
Nettstadhttps://folkehjelp.no Sjå dette på Wikidata

Organisasjonen er engasjert i meir enn 35 land[1] og arbeider for rettferdig fordeling av makt og ressursar og vern om liv og helse ved å arbeide internasjonalt med langsiktig utviklingsarbeid, med rydding av eksplosiv og miner etter krig og konflikt, og med hjelpearbeid der det er akutt naud. Norsk Folkehjelp har arbeidd seg opp til å verte ein av dei fremste organisasjonane i verda på sivil, humanitær rydding av landminer, og har arbeidd aktivt både i Noreg og internasjonalt for å få til internasjonale forbod mot å lage og nytte landminer og klasevåpen.

Norsk folkehjelp er partipolitisk uavhengig, men ikkje politisk nøytral.[2] Organisasjonen tek standpunkt i viktige samfunnsdebattar, og kan velje lokale samarbeidspartnarar som kan stå i opposisjon til, eller vere i konflikt med, makthavarane i landet sitt.

I Noreg driv Norsk Folkehjelp sanitets- og redningsteneste, og flyktning-, asyl- og integreringsarbeid.[1]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 «Om Norsk Folkehjelp», Norsk Folkehjelp (på norsk bokmål), henta 19. februar 2025 
  2. «Politiske posisjoner», Norsk Folkehjelp (på norsk bokmål), henta 19. februar 2025 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Norsk Folkehjelp