A/S Norsk Leca er eit tidlegare norsk aksjeselskap som produserte lettklinker, Leca. Selskapet vart skipa i 1954 av Bergens-selskapet Rieber & Søn. Det hadde fabrikkar i Skedsmo (Lillestrøm), Rælingen, Fredrikstad (Borge), Vestnes i Romsdal, Stjørdal og Skånland ved Harstad.

Norsk Leca vart selt i 1972 til sementprodusenten Norcem. Dette vart ein del av Aker Norcem frå 1987, og gjekk etter kvart inn i Scancem. I 1999 vart Scancem teke over av tyske HeidelbergCement. Norsk Leca vart underlagt dotterselskapet Optiroc, som i 2005 skifta namn til Maxit Group.[1]

I dag er Leca Norge ein del av det fleirnasjonale føretaket Saint-Gobain.[2] Det har hovudkontor på Leca-fabrikken på Rælingen.[3]

Kjelder endre

  1. «Leca». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 16. november 2018. 
  2. «Historikk | Leca Norway», leca.no, henta 4. mai 2021 
  3. «Kontakt oss | Leca Norway», leca.no, arkivert frå originalen 8. mai 2021, henta 4. mai 2021