Stjørdal kommune

kommune i Trøndelag fylke i Noreg
(Omdirigert frå Stjørdal)

Stjørdal (sørsamisk: Skïerde) er ein kommune i Trøndelag fylke. Kommunen grensar til Malvik, Selbu, Meråker, Levanger og Frosta. Trondheim lufthamn Værnes ligg i Stjørdal. Namnet på kommunen kjem frå tettstaden og kommunesenteret Stjørdalshalsen (eller berre Stjørdal). Stjørdal er rik på natur og kulturminne. Ein av dei mest kjende turistattraksjonane er Steinvikholm slottSkatval, der Noregs siste katolske erkebiskop, Olav Engelbrektsson, heldt til dei siste åra før han måtte flykte frå Noreg til Belgia.

Stjørdal kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Adm.senter Stjørdalshalsen
Areal 938 km²
 - land 920 km²
 - vatn 18 km²
Folketal 24 717  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Ivar Vigdenes (Sp)
Kommunenr. 5035
Kart
Stjørdal kommune
63°28′30″ N 11°10′15″ E
Wikimedia Commons: Stjørdal
Nettstad: www.stjordal.kommune.no

Geografi endre

Kommunen er samansett av den nedre delen av distriktet og dalføret Stjørdalen, i tillegg til bygda Skatval (som eigentleg ikkje høyrer til sjølve dalen). Andre bygder i kommunen er Lånke, Skjelstadmark og Hegra. Dei fleste stjørdalingane bur likevel i Stjørdal sentrum, tettstaden som går under namnet Stjørdalshalsen, men som oftast berre vert kalla «Stjørdal» eller «Halsen». Stjørdalshalsen ligg i enden av Stjørdalsfjorden, ein del av Trondheimsfjorden, strategisk plassert der både Gråelva og Stjørdalselva har utlaupa sine. Det er nettopp plasseringa mellom desse to elvelaupa som har gitt staden namnet «Halsen».

Geologi endre

Grunntilhøva og bergartane her er svært samansette, og aller mest variert på Skatval. Stjørdalselva sine ulike laup gjennom tidene har gjort at grunntilhøva på Stjørdalshalsen og langs ved elva opp gjennom Hegra er meir einsarta enn andre stader i kommunen. Det er fleire felt med kvikkleire i Stjørdal, dei aller mest utsette områda finn ein i Skjelstadmark, der fleire store leirras har forma landskapet i store delar av bygda. I grannebygda Hegra har leirras gitt stads- og gardsnamn som Leirfall eller Lerfald. Det finst dessutan felt med kvikkleire i dei andre delane av kommunen også, men utan at dei utgjer nokon større trussel med tanke på rassikringa.

Klima endre

Kommunen har to målestasjonar for både temperatur og nedbør: Værnes og Kvithamar. Desse ligg høvesvis sør og nord for Stjørdalshalsen, og høvesvis 12 og 40 meter over havet. Gjennomsnittet av målingar gjort 1961–1990 viser at det er liten skilnad på dei to målestasjonane, både kva gjeld temperatur og nedbør. Gjennomsnittstemperaturen ved begge målestasjonane var 5,0 °C, medan gjennomsnittleg årsnedbør låg på 892 mm på Værnes og 900 mm på Kvithamar.

Samfunn endre

 
Værnes kyrkje.
Foto: Dag Bertelsen
 
Mot Hell i Lånke.

Kommunen femnar om kommunesenteret og tettstaden Stjørdalshalsen, samt bygdene Skatval, Lånke og Hegra. I tillegg kjem Skjelstadmark og mindre stader som Hell, Langstein, Vassbygda, Flora, Sona og Forradal. Stjørdal har høg grad av dagpendling frå Steinkjer i nord til Trondheim i sør. Kommunen er hovudsete i Værnes regionråd, som dessutan omfattar Frosta, Meråker, Malvik, Tydal og Selbu kommunar. Kommunen er også ein del av samarbeidsutvalet for Trondheimsregionen.

Stjørdalshalsen, Skatval, Lånke, Elvran, Skjelstadmark, Flora, og Hegra dannar eigne kyrkjesokn i Den norske kyrkja, førstnemnte med Værnes kyrkje som soknekyrkje. I tillegg kjem Værnes kapell i utanlandsterminalen på Værnes lufthamn. Av bedehus eksisterer Misjonskyrkja og Stjørdal bedehus på Stjørdalshalsen, begge organiserte utanfor Den norske kyrkja.

Stjørdal kommune vert dekt av Stjør- og Verdal tingrett som har tilhald i nabokommunen Levanger.

Innbyggjarar endre

Stjørdal er Nord-Trøndelag sin største kommune i innbyggjartal sidan den gjekk forbi Steinkjer i 2008, men Steinkjer by er framleis den største tettstaden, etterfylgt av Stjørdalshalsen. Stjørdal har hatt sterk tilvekst dei siste tjue åra, og dette må sjåast i samanheng med at Stjørdal ligg berre omtrent tre mil frå Trondheim og mange flyttar derfor ut til Stjørdal for å bu og pendlar inn til Trondheim. I tillegg har Stjørdal tilvekst i form av flyplassen og som eit logistisk sentrum for sitt område i Trøndelag og store delar av kommunane i nærleiken.

Demografisk sett har Stjørdal også ein yngre snittalder på sine innbyggjarar og det er venta at Stjørdal derfor vil klart bli ein større by enn Steinkjer, om same utvikling held fram. 25,5 % av innbyggarane er under 18 år, og 4,1 % er 80 år eller eldre. Gruppa vestlege innvandrarar var 0,8 %, og ikkje-vestleg 2,8 %. Dei fleste innbyggarane bur i einebustadar i tettstader, byggefelt, meir landlege strok eller på gardsbruk. I 2001 var 1,9 % av innbyggarane busett i blokker eller bygardar, medan 73,1 % var busett i bustader bygd etter 1961. I 2008 var 68 % busett i tettbygde strok

Innbyggjartal 1. januar
År Innbyggarar År Innbyggarar
1965 12 878 1990 17 276
1970 13 545 1995 17 546
1975 15 201 2000 18 238
1980 16 107 2005 19 562
1985 16 717 2010 21 375

Samferdsle endre

Både Stjørdal stasjon og Trondheim lufthamn, Værnes, ligg i Stjørdal. Vegstandarden utanom Europaveg 6 og Europaveg 14 er temmeleg dårleg, dette handlar i størst grad om fylkesvegane. Kommunevegane har jamt over grei standard.

Skule og helse endre

 
Aglo vidaregåande skole

Høgskolen i Nord-Trøndelag har si avdeling for trafikklærarutdanning (tidlegare Statens trafikklærarskule) liggande på Stjørdalshalsen. På Stjørdalshalsen ligg også Ole Vig vidaregåande skole, Nord-Trøndelag sin største skule med over 1 000 elever, og dessutan ligg privatskulen Aglo vidaregåande skole (som vert driven av Blå Kors) på Skatval. På Skatval ligg også den private grunnskulen Fagerhaug Kristne Skole. Offentlege grunnskular i kommunen er Elvran skole, Flormo skole, Forradal skole, Fosslia skole, Halsen skole, Halsen ungdomsskole, Haraldreina skole, Hegra barneskole, Hegra ungdomsskole, Kvislabakken skole, Lånke skole, Skatval skole, Skjelstadmark skole og Stokkan ungdomsskole.

Heimevernet sitt utdanningssenter Værnes (HVUV, tidlegare Værnes Flystasjon) låg på Værnes, og vart nedlagt etter store protester frå lokalbefolkning og -politikarar. Ordførar Johan Arnt Elverum uttalte at regjeringa la opp til ein ufornuftig bruk av skattebetalarane sine pengar, då 200–300 millionar var investert ved utdanningssenteret dei siste åra, samt planlagde betringar til 100 millionar kroner.

Administrasjonen i Helse Midt-Norge har tilhald i kommunen. Kommunen huser dessutan eit distriktsmedisinsk senter (DMS), fleire helsestasjonar tilknytte kommunehelsetenesta, samt fleire legekontor tilknytte fastlegeordninga. Nærmaste sjukehus er St. Olavs hospital i Trondheim og Sykehuset Levanger. Stjørdal har også sjukeheimar og fleire aldersheimar.

Politikk endre

 
Rådhuset i Stjørdal
For meir om dette emnet, sjå ordførarar i Stjørdal.

Ordførar i kommunen sidan 1999 er Johan Arnt Elverum (Sp), medan varaordførar sidan 2007 er Ole Myrbekk (H). Eit borgarleg samarbeid mellom Senterpartiet, Fremskrittspartiet, Høyre, Venstre og Kristeleg Folkeparti har fleirtal i kommunestyret. Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti, med Ingvild Kjerkol (Ap) som ordførarkandidat, prøvde å oppnå fleirtal ved siste kommunestyreval, men lukkast ikkje. Dessutan er Miljøpartiet De Grøne, som stiller seg uavhengig frå blokkene, representert i kommunestyret.

Det borgarlege samarbeidet samlast mellom anna gjennom felles motstand mot eigedomsskatt, som var mellom dei største sakene ved førre kommunestyreval. Velferdssaker har første prioritet i valkampane, særleg på grunn av den sterke befolkningsveksten, men også fordi Stjørdal har lavast lærartettleik i Midt-Noreg.

Ein har fått i stand eit system der ein kan sjå møta frå kommunestyresalen direkte på internett og ein kan også sjå nokon av dei i ettertid på kommunen sine nettsider.

Media endre

 
Halsøen, området med Langøra, Sutterø og det gamle utløpet til Stjørdalselva
Foto: Stig Roar Aftret
 
Kjøpmannsgata, ofte berre kalla «Gata» mellom dei lokale, er Stjørdal si største handle- og gågate

Lokalaviser i kommunen er Stjørdalens Blad som kjem tre dagar i veka, og gratisavisa Stjørdals-Nyttsom kjem ein dag i veka. Stjørdal vert dekt NRK Trøndelag sine lokalkontor i Trondheim og Steinkjer. Adresseavisen og Trønder-Avisa har også eigne lokalkontor på Stjørdalshalsen. Fram til midten av 1980-åra eksisterte ein reell konkurrent til Stjørdalens Blad, Stjørdalingen. Ein lokal fjernsynsstasjon kalla Stjørdal NærTV eksisterte fram til 1990-åra. Ein kort periode på 2000-talet kom også ei lokal utgåve av Byavisa ut.

Næringsliv endre

Eit større industriområde nordvest for sentrum, Sutterø, er staden for ei rekke verksemder, mellom andre Statoil, Glava, Glen Dimplex Nordic (tidlegare Nobø Electro), Norplasta, Microplast og Norsk Leca. Før var teglsteinprodusenten Tangen Brug den dominerande industriarbeidsplassen i Stjørdal, og denne låg nettopp på Sutterø, nøyaktig der Glava og Glen Dimplex Nordic ligg i dag.

Historie endre

Tidleg tid endre

Helleristningar og arkeologiske funn tyder på at det har vore menneskeleg busetjing i Stjørdal frå eit tidleg stadium. Særleg er helleristningane i Hegra velkjende, men det finst helleristningsfelt frå steinalderen i alle fire delane av kommunen, Stjørdal, Lånke, Hegra, og Skatval. Maktsentra i dalføret ser ut til å ha vore etablert i jarnalderen, og i Trøndelag var det to store maktsentra, Verdal/Sparbu og Stjørdal (Værnes). Stjørdal danna Stiordølafylki saman med Neadalen og Klæbu.

Andre storgardar (og maktsentra) i Stiordølafylki på den same tida var eksempelvis Auran, Berri og Fløan, der sistnemnte var sete for Fljoðaætten, som var lendmenn. Storgardane vart etter kvart kyrkjestadar. Værnes var likevel det mest utprega høvdingsetet, og det var ikkje utan grunn at eldste kyrkje i dalføret i dag, Værnes kyrkje, vart lagt nettopp her.

Éin av grunnane til Værnes sin dominans kan ha vore den sentrale plassen ved utlaupet av Stjørdalselva. Værnes bør også oppfattast som eit regionalt sentrum med politisk, religiøs og kulturell leiing allereie før år 1000, altså i tida før kristendommen og Værnes kyrkje: Snorre Sturlason skriv nemleg at det var Værnes-høvdingen Torberg som leia blotingen i fylket sitt. Værnes mista mykje av makta si då Harald Hårfagre sette Håkon Ladejarl til å styre over heile Trøndelag, men skatt i form av landskyld (varer) gjekk truleg framleis via Værnes før det gjekk til Lade.

Mellomalderen endre

Småbyen vert danna endre

 
Stjørdalshalsen rundt hundreårsskiftet, med Bernhard Øverlands «Øysletten» i forgrunnen.

Sjølv om det var gardsbruk på Stjørdalshalsen, i alle høve frå vikingtida av, dukka ikkje småbyen fram før 1700-talet og utover. Området var i utgangspunktet folkesett av husmenn, men etter kvart kom også andre typar handverkarar og arbeidarar til staden. Desse leigde ofte jorda dei bygde på av gardane, men var ikkje forplikta til arbeid i landbruket for storbonden slik som husmennene ofte var. Mange av dei som kom dit hadde vore taparane i sine gamle miljø, og kom til Stjørdal i håp om å få eit betre liv.

Eit stort tal av dei var også såpass fattige at dei ikkje hadde råd til leie verken ein jordparsell eller å inngå ei husmannskontrakt, slik at dei leigde kammers og liknande hos dei eksisterande husmennene, der det var trongt både om plassen og maten frå før. Nokre fann andre løysingar, som ein ved namn Bertil, som budde i ein snudd båt, og Hans Lom frå Gudbrandsdalen, som budde i ei lita jordhytte som vart kalla Lomplassen eller «Hjørnesalongen til Hans Lom». Då bøndene såg nytten av husmenn utan jord, vart det også fleire og fleire av desse.

All tilflyttinga resulterte i ei lita gate med hus, opphavet til dagens tettstad. I 1801 var det 33 plassar under Værnes, der det budde totalt 132 menneskjer. I 1825 var det 228 personar fordelt på 54 plasser under Værnes, og 36 husmenn under Prestegarden. Dessutan budde det ca. 200 personar fordelt på Stokkmoen, Tangmoen og Øyanmoen. Stjørdalshalsen fekk dårleg ord på seg, og i samband med folketeljinga i 1855 skreiv presten Frich på Værnes: «Halsen beboes af en for større Deel i fysisk og moralsk Henseende meget fordærvede Familier hvilke ligger den øvrige Kommune til stor Byrde.» Det budde då 567 personar der.

Tangen Brug endre

Hjørnesteinsbedrifta i den vesle byen som hadde vakse fram kom til å bli Tangen Brug, eller «Håbet». Teglverket der vart oppretta på 1700-talet, men fekk si verkelege glanstid då det vart flytta til Tangen i 1824, der byen sitt nærings- og industriområde ligg den dag i dag. I tillegg til produksjon av teglstein, dreiv bedrifta også med tømmerfløyting og pottemaking. Handelen, som særleg gjekk nord- og austover, gjorde at keramikk og andre produkt vart spreidd heilt til Nordland og Jämtland. Tangen Brug vart først nedlagt ved årsskiftet 1962–1963.

Kultur endre

  • I Stjørdal kommune er det fleire store helleristningsfelt, og staden var eit sentrum i vikingtida.
  • På nordsida av Skatval ligg restane av Steinvikholm slott (ferdig 1530), som var residens og festning for Noreg sin siste (katolske) erkebiskop, Olav Engelbrektsson. Operaen Olav Engelbrektsson vert spela her kvar sommar.
  • Ingstadkleven fort, bygd i samband med unionsoppløysinga, er betre kjent som Hegra festning, der ein mindre norsk styrke heldt stand mot fienden i april/mai 1940, og var dei siste stridande som overgav seg i Sør-Noreg.
  • Stjørdalselva, ei mykje besøkt lakseelv, renn gjennom kommunen og har sitt utløp ved Stjørdal.
  • Hell Music festival (tidlegare kjent som Hell Blues Festival) har vorte arrangert sidan 1992Hell som ligg i Lånke. Hausten 2007 vart Hell Music Festival slegen konkurs med fleire millionar kroner i underskott.

Kommunevåpen endre

 
Kommunevåpenet

Stjørdal sitt kommunevåpen syner ein lindorm på raud bakgrunn, som var med i Stiordølafylki sitt segl, der Sankt Margareta av Antiokia (eit symbol på «det gode») hadde drepe ein lindorm (symbol på «det vonde», eller meir presist, djevelen sjølv). Kommunevåpenet vart vedteke i Stjørdal kommunestyre 29. september 1983, og godkjent i statsråd 25. november same år. Fleire andre forslag vart også sende inn, deriblant Arne Stuberg (Sp) sitt forslag med eit ølkrus på raud botn. Ølkruset skulle symbolisere det berømte stjørdalsølet, eit lokalt maltøl.

Dialekt endre

Stjørdalsdialekten høyrer til dei inntrønderske dialektane si sørlege gruppe, som tradisjonelt har hatt full utjamning i jamvektsord som viktigaste kjenneteikn.[1] Dette merkast fort i verb: vårrå ([vɔrrɔ], «vere»), låvva ([lɔvvɔ], «love»), våttå ([vɔttɔ], «vite») og gråvvå ([grɔvvɔ], «grave»). I andre verb er det apokope.

Det er også verdt å merke seg apokope i svake hankjønnsord (substantiv) med overvekt.[2] Eksempel på dette er [uks] («okse»), [bakk] («bakke»), [uŋ] («unge») og [stæɽp] («stolpe»). I dialektar nord for Verdal får desse orda endinga -i, og i bygdene vest og sør for Stjørdal den meir typiske -e. I tradisjonelt bøyingsmønster i stjørdalsdialekten, har dei nemnte substantiva fått i-en tilbake i bestemt form eintal, for eksempel [uksiɲ] («oksen») og [uŋiɲ] («ungen»).

Noko av det mest merkbare ved stjørdalsdialekten er at «Stjørdal» ikkje uttalast bokstavrett, men nærmare bestemt «Sjørdarn» ([ʃøɖa:ɳ]), og utelèt dermed t-en fullstendig. ein innbyggjar i kommunen vert kalla ein «stjørdaling», og dette uttalast dermed lokalt som [ʃøɖaɽiŋ]. Dette innbyggjarnamnet brukast stort sett i dag også for Stjørdalshalsen, der den opphavlege forma er «halsbygg» ([hæʃbygg]). Dei ulike kommunedelane har sine eigne innbyggjarnamn knytte til seg. Desse namna har enten endinga -bygg ([bøgg] eller [bygg]) eller -ing ([iŋ]). I dei siste åra har ein sett ein aukande tendens til at [bygg] tek gjennomgåande over for den meir tradisjonelle forma [bøgg]. Det er også ein aukande bruk av forma «skatvaling» i staden for det korrekte «skatvalsbygg», sjølv om «lånkbygg» og «hegrasbygg» vert like mykje brukt som tidlegare.

Aukande innflytting, kombinert med større regionalisering av norske dialektar generelt, gjer at stjørdalsdialekten nærmar seg meir og meir den dialekten som vert snakka i trondheimsområdet. Dette gjeld både vokabular og bøyingsmønster. Dativ brukast berre delvis av den eldre generasjonen, og heilt vanlege spørjeord som hænn ([hænn], «der»), kålles ([kɔlles], «hvordan») og kåffer ([kɔffer], «kvifor») erstattast gradvis med høvesvis korr ([kurr]), korrdan ([kuɖan]) og koffår ([kuffɔr]).

Tusenårsstad endre

Stjørdal sin tusenårsstad er torget, sentralt plassert midt på Kjøpmannsgatas aust–vestakse på Stjørdalshalsen.

Attraksjonar endre

Folk frå Stjørdal endre

Kjelder endre

  1. Vinge, Olav, red. (2005). Skatval. Vår historiske arv 4. Skatval Historielag. s. 239. ISBN 82-995735-6-4. 
  2. Vinge, Olav, red. (2005). Skatval. Vår historiske arv 4. Skatval Historielag. s. 240. ISBN 82-995735-6-4. 

Bakgrunnsstoff endre