Norsk Likbrændingsforening

Norsk Likbrændingsforening vart skipa i Oslo 7. februar 1889, og hadde i byrjinga 177 medlemar. Dei fleste var akademikarar, kunstnarar og folk i leiande stillingar, busette i Oslo. Foreininga skifta i 1917 namnet til Norsk Kremationsforening, seinare Norsk kremasjonsforening. I 2011 vart foreininga omgjort til ei stifting: Norsk Kremasjonsstiftelse. Stiftinga gjorde i 2015 ei samarbeidsavtale med Norsk forening for kirkegårdskultur (no: Norsk forening for gravplasskultur) om levering av sekretariattenester.

Føremålet med foreininga var å fremje den såkalla kremasjonssaka i heile Noreg, det vil seie retten til kremasjon i staden for vanleg gravlegging av dei avlidne. Etter kristen lære var kremasjon, altså brenning av liket, i strid med Guds orden og hadde difor vore forbode sidan innføringa av kristendomen her i landet på byrjinga av tusentalet. Om lag ti år før foreininga vart skipa, hadde det vore søkt om løyve til å gjennomføre ei likbrenning på ein gard i dåverande Aker kommune, men dette vart avslege av di kremasjon vart rekna som lovstridig. Målet for foreininga vart difor å få innført ei lovgjeving som gav høve til kremasjonar, og deretter arbeide for at det vart bygd krematoriar.

Etter ni års iherdig arbeide klarte foreininga å få Stortinget til å vedta lova frå 11. juni 1898 om likbrenning. Foreininga var likevel misnøgd med denne lova, då vilkåret for å gjennomføre likbrenning kravde liksyn og obduksjon i ein grad som foreininga meinte var urimeleg, ikkje mist av di det vart fastsett særs høg avgift for dette. Kremasjon vart difor både vanskeleg og dyrt i høve til vanleg gravlegging. Foreininga heldt difor fram med arbeidet til det vart gjeve ei ny lov 3. mai 1913. Foreininga vart nøgd med denne lova, «som i det vesentlige må sies å tilfredsstille rimelige krav hos kremasjonssakens venner».

Kremasjonsforeininga ynskte å byggje sitt eige krematorium. Dette let seg gjere ved hjelp av stønad frå Oslo kommune og ein testamentarisk gåve på 50 000 kroner frå forstmeister Hans Andreas Tanberg Gløersen (1836–1904), og i 1909 stod krematoriet på Vestre gravlund i Oslo ferdig til å takast i bruk. Forstmeister Gløersens urne stod sentralt plassert i nisjen framfor orgelet under seremonien som innvigde krematoriet 24. mai 1909. Men dette var ikkje det fyrste krematoriet i Noreg, for allereie i 1907 hadde Bergen kommune bygd om gravkapellet på Møllendal gravlund til å kunne verte brukt til kremasjonar.

Utover 1990-talet var det liten aktivitet i Norsk kremasjonsforening, mellom anna av di foreininga mista sin administrasjon då Kremasjonsforeningens Begravelsesbyrå vart lagt ned. Det vart i det heile drive lite propaganda for å fremje kremasjonssaka i Noreg i denne tida.

KjelderEndra