Vestre gravlund i Oslo

(Omdirigert frå Vestre gravlund)

Vestre gravlund i Sørkedalsveien 66, nord for Frognerparken i Oslo, er den største gravlunden i Noreg, med eit areal på 243 dekar. Gravlunden vart innvigd 30. september 1902, etter at kommunen i 1887 hadde kjøpt 78 dekar av eigedomen Volvat under Store Frøen, eigedomen Møllerløkken under Tuengen på 74 dekar, og eigedomen Særtrangs løkke under Store Borgen på 57 dekar, for med det å skaffe grunn til ein gravplass for vestkanten i Oslo. Seinare har gravlunden vorte utvida fleire gongar, særleg i 1920- og 1930-åra, sist i 1980.

Kapellet på Vestre gravlund
Vestre gravlund
Vestre gravlund
Graver på Vestre gravlund.
Minnesteinar reist av Det britiske samveldet over 102 som fall i kampar i Noreg under andre verdskrigen.
Grav for Hauk Aabel og Per Aabel
Grav for justisminister Fredrik Stang d.y.
Grav for riksadvokat Lauritz Dorenfeldt
Grav for statsminister Otto Bahr Halvorsen
Grav for Oslo-ordførar Albert Nordengen
Grav for Johan Ankar og forfattaren Nini Roll Ankar
Grav for statsminister Trygve Bratteli

Kyrkjelydar som er knytt til Vestre gravlund er Bygdøy, Domkyrkja, Fagerborg, Frogner, Gamle Aker, Majorstua, Markus m/Lovisenberg, Skøyen, Trefoldighet og Uranienborg.

BygningarEndra

Gravkapellet av granitt og kleberstein stod ferdig i 1902, teikna av arkitekt Alfred Christian Dahl. I det nordvestre hjørnet av gravlunden ligg Vestre krematorium, bygd i 1909 for Norsk Likbrændingsforening, og overteke av Oslo kommune i 1940. Det var i drift som krematorium fram til 2009. Opphavleg var namnet berre Krematoriet, endra til Gamle krematorium i 1930 og til Vestre krematorium i 1960. Det var stor motstand frå prestar, biskopen og stiftsdireksjonen i Kristiania (dåverande namn på Oslo) mot at det vart bygd eit krematorium på ein innvigd gravlund. Men striden endte med at Norsk Likbrændingsforening fekk løyve (med eit kommunalt bidrag) til å byggje krematoriet på eit eige areal attmed Sørkedalsveien, på vilkår av at det vart sett opp ei innhegning mellom krematorietomta og gravlunden.

Ettersom talet på kremasjonar auka med tida, vart det i 1930 bygd ein ny bygning attmed den gamle, slik at Vestre krematorium fekk Gamle kapell og Nye kapell. Arkitekt for båe bygningane var Oscar Torp. Gamle kapell er ein sirkulær bygning i jugendstil, med karakteristisk skorstein, og med ein monumetal trapp framfor hovudinngangen mot gravlunden. Det vart dekorert innvendig i 1923 med freskomåleri av Emanuel Vigeland. Nye kapell er ein firkanta bygning med inngang frå sida som vender mot Sørkedalsveien, og det vart dekorert innvendig i 1937 med freskomåleri av Alf Rolfsen. Dei opphavlege bygningane har vorte utvida både i 1914, 1923 og 1994.

KrigsminnesmerkeEndra

Vestre gravlund har ein internasjonal krigsgravlund kor soldatar som fall i Noreg under andre verdskrigen frå Sovjet, Nederland, Polen, Danmark, Sverige og Noreg er gravlagt. I tillegg har USA, Frankrike, Jugoslavia og Storbritannia reist minnesteiner over sine falne landsmenn.

Personar gravlagte på Vestre gravlundEndra

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  • Tvedt, Knut Are, red. (2010). Oslo byleksikon (5 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 616-617. ISBN 978-82-573-1760-7.   

BakgrunnsstoffEndra