Norsk Ordinært Skipsregister

Norsk Ordinært Skipsregister (forkorta NOR) vart oppretta 1. august 1992, saman med Norsk internasjonalt skipsregister (NIS) utgjer dei skipsregisteret og er ei underavdeling i Sjøfartsdirektoratet.[1] NOR-registeret gjer registrering, kontroll og tilsyn av skip. I 2014 hadde dei rundt 18 000 registrerte fartøy.[2] Skipsregisteret NIS/NOR er eit realregister på lik linje med tinglysinga av fast eigedom og må såleis ikkje forvekslast med Småbåtregisteret.

Skipsbyggjarregisteret (BYGG) er eit register for skip som er under bygging eller prosjektering. Skipsbyggjarregisteret er underlagt Norsk Ordinært Skipregister.

Kjelder

endre
  1. Norsk Ordinært Skipsregister
  2. Fartøy nr 18.000 registrert i NOR, arkivert frå originalen 24. mars 2015, henta 27. juni 2020 

Bakgrunnsstoff

endre