Norsk Republikansk Allianse

Norsk Republikansk Allianse er eit politisk parti som stilte til val i eitt fylke, Sør-Trøndelag, ved stortingsvalet 2005. Førstekandidaten var Erland Skattem frå Ørland. NRA gjekk mellom anna inn for å fjerna all moms på mat, redusera bensinavgiftene med to kroner, avgrensa antal periodar nokon kan sitja på Stortinget eller i regjeringa til tre periodar og "begrensing av ytre innvandring", dessutan republikansk styresett i Noreg.

Norsk Republikansk Allianse
Grunnlagt2005

Partiet fekk 92 røyster, som var 0,06 % av røystene i Sør-Trøndelag, og 0,003 % av røystene på landsbasis.

Ved valet i 2009 fekk dei 54 røyster.

Kjelder

endre
  • Partiet sine tidlegare heimesider
  Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.