Norsk Folkehjelp

(Omdirigert frå Norsk folkehjelp)

Norsk Folkehjelp vart skipa i 1939 som den humanitære og partipolitisk uavhengige solidaritetsorganisasjonen til den norske fagrørsla, og har som oppgåve å syne internasjonal solidaritet i praksis ved å støtte utsette grupper som til dømes urfolk, fattige bønder, kvinner og ungdom, slik at dei sjølv vert i stand til å fremje interessene sine. Organisasjonen legg difor stor vekt på å finne dei rette samarbeidspartnarane i landa dei er engasjerte i, og gjere det mogleg for dei å drive arbeidet vidare sjølve.

Norsk Folkehjelp

Typeforening/lag/innretning
Org.nummer871033552
Skipa7. desember 1939
HovudkontorOslo
GeneralsekretærPer Nergaard
Medlemmer16 000
UndergrupperNorsk Folkehjelp Sanitet

Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom

Norsk Folkehjelp Sanitetsungdom
Nettstadhttps://folkehjelp.no Sjå dette på Wikidata

Organisasjonen er engasjert i meir enn 30 land. og arbeider for rettferdig fordeling av makt og ressursar og vern om liv og helse ved å arbeide internasjonalt med langsiktig utviklingsarbeid, med rydding av eksplosiv og miner etter krig og konflikt, og med hjelpearbeid der det er akutt naud. Norsk Folkehjelp har arbeidd seg opp til å verte ein av dei fremste organisasjonane i verda på sivil, humanitær rydding av landminer, og har arbeidd aktivt både i Noreg og internasjonalt for å få til internasjonale forbod mot å lage og nytte landminer og klasevåpen. Norsk folkehjelp er soleis ingen politisk nøytral organisasjon, men tek standpunkt i viktige samfunnsdebattar, og kan velje lokale samarbeidspartnarar som kan stå i opposisjon til, eller vere i konflikt med makthavarane i landet sitt.

I Noreg driv Norsk Folkehjelp sanitets- og redningsteneste, og flyktninge-, asyl- og intergreringsarbeid.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Norsk Folkehjelp