Norsk Komponistforening

(Omdirigert frå Norsk komponistforening)

Norsk Komponistforening, Komponistforeningen, skipa i Kristiania (Oslo) 24. oktober 1917, er fag- og interesseorganisasjonen for profesjonelle, yrkesaktive komponistar i Noreg. Foreininga er medlem av den europeiske komponistorganisasjonen ECSA, European Composer and Songwriter Alliance.

Norsk Komponistforening arbeider for å tryggje dei kunstfaglege rammevilkåra for komponistane og tryggje eit forsvarleg økonomisk utbytta av åndsverka som vert skapt og framført, styrke stillinga for kunstmusikken i samfunnet, og å tilby ålmenta tilgang til nyskapte verk og kunnskap om verka.

Verksemda endre

Både nasjonalt og regionalt har foreininga og medlemane spela ei viktig kulturpolitisk rolle. Mellom anna har foreininga medverka til at Bern-konvensjonen frå 9. september 1886 om vern av litterære og kunstneriske verk vart implementert i norsk åndsverklovgjeving, og at TONO, som er ein organisasjon som forvaltar og vernar om rettar av opphavsrettsleg art på vegner av rettshavarane til musikkverk, vart oppretta i 1928. I 1938 var foreininga med på å skipe Ny Musikk, interesseorganisasjonen for samtidsmusikk og den norske seksjon av ISCM, International Society for Contemporary Music. I 1945 var foreininga med på å skipe Nordisk Komponistråd, og er medarrangør av Nordiske Musikkdager annankvart år.

Foreininga har òg vore pådrivar for at ordningane med garanti-inntekt og kunstnarstipend vart innført, og har bidrege til skipinga i 1980 av Kopinor, som inngår avtaler på vegner av opphavsmenn og utgivarar om kopiering og anna bruk av åndsverk, og skipinga av Norwaco, som forvaltar rettar til åndsverk, prestasjonar og produksjonar som norske og utanlandske rettshavarar står bak når det gjeld fjernsyn, spelefilm og musikk. Ordninga med bibliotekvederlag, som går ut på at offentlege bibliotek skal yte pengar til stipendfond som kollektivt vederlag for å låne ut åndsverk, har òg foreininga medverka til å få i gang.

Norsk Komponistforening var òg aktiv for å få skipa Norges musikkhøgskole, som vart oppretta i 1973, og var avgjerande for at det vart eit fullverdig komposisjonsstudium ved skulen.

Foreininga tok initiativet til å få etablert Ultimafestivalen i 1991, ein årleg musikkfestival i Oslo for samtidsmusikk og kunstarter med relasjon til samtidsmusikk, som til dømes danseframsyningar, kunstinstallasjonar, film og anna.

Bakgrunnsstoff endre