Norsk kunstnerleksikon

kunstnarbiografisk oppslagsverk
Norsk kunstnarleksikon
Foto: Ulf Larsen

Norsk kunstnerleksikon er eit vitskapleg leksikon over biletkunstnarar, arkitektar og kunsthandverkarar i Noreg. Leksikonet blei gjeve ut på papir av Universitetsforlaget; det redaksjonelle ansvaret hadde Nasjonalgalleriet med underavdeling hjå Riksantikvaren. Verket kom ut i fire bind; bind éin i 1982, bind to i 1983 og bind tre og fire kom ut i 1986. Verket tilhøyrer no Nasjonalgalleriet. Ei digital utgåve av bind éin og to er publisert på nett av foreininga Store norske leksikon.

InnhaldEndra

Målet har vore å gje ut eit fullstendig leksikon over norske kunstnarar frå reformasjonen fram til utgjevinga. Leksikonet omfattar målarar, bilethoggarar, grafikere og teiknarar. Folkekunst er representert med rosemålarar og treskjerarar. Frå eldre tid er bilethoggarar og gullsmedar tekne med, og frå nyare tid arkitektar, kunsthandverkarar, tekstilkunstnarar og eit utval interiørarkitektar og designerar.

ArkitektarEndra

Leksikonet gjev det mest omfattande oversynet over norske arkitektar. Riksantikvaren har vore ansvarleg for registreringa av arkitektar verksame før 1940. Arkivet for denne delen av leksikonet er teken vare på hjå Riksantikvaren. Det har vore eit mål å få størst mogleg dekning etter ca. 1850, då arkitektyrket blei meir spesialisert, fram til andre verdskrigen. For arkitektar verksame etter 1940 har Norsk arkitekturmuseum med hjelp frå biblioteket til Norske arkitekters landsforbund samla inn og skrive artiklane. Ein komité nedsett av styret for Norsk arkitekturmuseum var rådgjevande for utveljinga, og det blei gjort eit særs avgrensa utval blant samtidige, aktivt praktiserande arkitektar.

DigitaliseringEndra

På 1990-talet blei leksikoninnhaldet omforma til SGML-standardisert format med tanke på framtidig digital tilgjengeleggjering. Dette arbeidet blei ikkje sluttført. I 2007 samla Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design saman alt eksisterande filmateriale og starta eit prosjekt for å publisera ein nettversjon av leksikonet. Dåverande ABM-utvikling (no Norsk kulturråd) gjekk inn som samarbeidspartnar for prosjektet.[1] Nettpubliseringa byrja i oktober 2013 på plattforma til Store norske leksikon AS med bind 1 og 2 (A-M).[2]

I løpet av 2012 blei Norsk kunstnarleksikon skanna og gjort digitalt tilgjengeleg gjennom nettstaden til Nasjonalbiblioteket. Bøkene blei publiserte som bidtefiler der, men teksten er søkbar gjennom den interne søkemotoren til Nasjonalbiblioteket.

VerketEndra

KjelderEndra

  1. «Norsk kunstnerleksikon på nett». kunstkritikk.no. 8. februar 2008. Henta 10. oktober 2012. 
  2. Om Norsk kunstnerleksikon, snl.no

BakgrunnsstoffEndra