Foreininga Store norske leksikon

Store norske leksikon (tidlegare Store norske leksikon AS og Norsk nettleksikon) er ei norsk foreining som gjev ut fire leksikon på nett: Store norske leksikon, Norsk biografisk leksikon, Store medisinske leksikon og Norsk kunstnerleksikon.

Store norske leksikon
Org.nummer914 337 658
Skipa09.10.2014
HovudkontorOslo

Kunnskapsforlaget sitt forsøk på å driva Store norske leksikon som gratis nettleksikon førte ikkje til ønska resultat, og den 1. juli 2010 blei eigarskapen og rettane til domenet snl.no overdratt til Fritt Ord og Sparebankstiftelsen DnB NOR. Stiftelsene gjorde middel tilgjengelege for å driva og utvikla snl.no vidare. Ei varig, institusjonell løysing blei etablert våren 2013 med det ideelle selskapet Store norske leksikon AS. Selskapet blei omdanna til foreining i 2014.[1][2]

Norsk nettleksikon var i perioden 2010 til 2012 tenkt som ei viderareutvikling av Store Norske Leksikon, Store medisinske leksikon og Norsk biografisk leksikon. Nettleksikonet skulle også innehalde nyskrivne artiklar, og bli kopla mot den digitale basen til Nasjonalbiblioteket.

Prosjektet var eit samarbeid mellom Sparebankstiftelsen DNB NOR, Fritt Ord, Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, Nasjonalbiblioteket, Det Norske Videnskaps-Akademi og dei norske universiteta. Prosjektet var finansiert med løyvingar frå stiftinga Fritt Ord og Sparebankstiftelsen DNB NOR, som sikra driftskapital på 10 millionar kroner for året i tre år for å utvikle leksikonet. I tillegg løyvde Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening pengar til å nyskrive leksikonartiklar. I januar 2011 vart Anne Marit Godal tilsett som leiar for Norsk nettleksikon.

I 2012 skifta prosjektet namn til Store norske leksikon AS, som i 2013 blei etablert som ein ikkje-kommersiell utgivar av verka Store norske leksikon, Store medisinske leksikon og Norsk biografisk leksikon og Norsk kunstnerleksikon på nett. I 2015 blei AS-et lagt ned til fordel for Foreininga Store norske leksikon, som overtok eigarskapen til leksikona. Dette gjorde det mogleg å få universiteta med på eigarsida.[3]

KjelderEndra

  1. «Store norske leksikons historie». Foreningen SNL. Henta 10. februar 2015. 
  2. Søk i Enhetsregisteret, 12. juli 2020
  3. «Har vært i dragkamp siden 2010 - nå er det klart at det overlever». Dagbladet.no (på norsk). 18. januar 2015.