North Channel
North Channel (skotsk gælisk og irsk Sruth na Maoile) er eit sund mellom Nord-Irland og Skottland.
Den djupaste delen av sundet vert kalla Beaufort's Dyke. Sundet går mellom Irskesjøen i sør og Atlanterhavet i nord. Mange ferjesamband kryssar sundet. I 1953 var sundet åstad for eit alvorleg skipsforlis då ferja «Princess Victoria» sokk.
Det har lenge vore snakk om å byggje ein tunnel under sundet for å knyte Nord-Irland til resten av Storbritannia. I august 2007 la Centre for Cross Border Studies fram forslag om ein 34 km lang jernbanetunnel under eller bru over sundet med ei kostnadsrame på £3.5 milliardar[1] (om lag 33 milliardar kroner).
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «North Channel (British Isles)» frå Wikipedia på engelsk, den 24. oktober 2007.
- Fotnotar
- ↑ Fastlandssamband til Nord-Irland, BBC News Scotland, 22. august 2007