Skotsk-gælisk

(Omdirigert frå Skotsk gælisk)

Skotsk-gælisk (skotsk-gælisk: Gàidhlig [kaːlikʲ]) er eit av dei keltiske språka. Saman med irsk og manx er det i greina goidelske språk. Desse stammar alle frå mellomirsk. Talet på språkbrukarar har gått kraftig ned, men har fått ein oppsving dei siste åra i Skottland.

Skotsk-gælisk
Gàidhlig
Klassifisering Indoeuropeisk
 Keltisk
  Øykeltisk
   Goidelsk
    Skotsk-gælisk
Talarar skottar
Bruk
Tala i Skottland.
Skotsk-gælisktalande i alt 58 552 i Skottland.[1]
Skriftsystem Gælisk

(Skotsk-gælisk variant)

Offisiell status
Offisielt språk i Skottland
Språkkodar
ISO 639-1 gd
ISO 639-2 gla
ISO 639-3 gla

Utbreiing endre

 
Geografisk utbreiing av gælisktalarar i Skottland (2001)

I 2001 registrerte ein at talet på språkbrukarar var 58,652 menneske i Skottland, men om lag 92,400 skottar frå 3 år og oppover hadde noko kunnskap i skotsk-gælisk. Geografisk sett i Skottland blir språket mest brukt på dei skotske høglanda og på øyane i Skottland, særskilt på dei ytre Hebridane. Det finst også språbrukarar på øya Cape Breton utanfor kysten av Nova Scotia, i Glengarry County i Ontario, Canada, om lag 1600 i USA, 800 i Australia og 600 på New Zealand.

Skotsk-gælisk har ikkje status som offisielt språk i Storbritannia, slik walisisk har. Men etter eit vedtak i det skotske parlamentet i 2005, jobbar ein no med å gjera skotsk-gælisk til offisielt språk i Skottland saman med engelsk og skotsk. Sentralt i dette arbeidet står språkrådet Bòrd na Gàidhlig.

Historie endre

 
Ei tolking av språktilhøva i Skottland rundt 1400 e. Kr.
Blått står for skotsk-gælisk, gult er skotsk og oransje er norn.

Det gæliske språket kom med irske sjømenn til Skottland, truleg på 300-talet, men skotsk-gælisk vart ikkje eit sjølvstendig språk før etter år 1300. No voks språket fram. Det fortrengde dei opphavlege skotske språka piktisk og kumbrisk og blei språket som dei fleste skottane snakka. Dei som snakka skotsk, kalla språket for Erse - «irsk».

Det vart danna ein rik munnleg og skriftleg tradisjon på skotsk-gælisk, men dei hadde lenge ikkje Bibelen på sitt eige språk. Språkbrukarane las ei irsk 1500-talsomsetjing av Bibelen. Ei skotsk-gælisk omsetjing vart trykt i London i 1690, men vart ikkje spreidd og kjend av språkbrukarane. I 1767 vart Det nye testamentet omsett til språket, og denne vart ei velbrukt omsetjing av skottane. Likevel vart den seine bibelomsetjinga ei av årsakene til nedgangen til skotsk-gælisk som språk.

I 1755 talde ein om lag 289,798 skotsk-gælisktalande i Skottland. I 1800 var talet stige til 297,823, men trenden snudde utover attenhundretalet. Skotsk-gælisktalande fekk lenge ikkje lov til å snakka morsmålet sitt på skulen, og framleis kan folk hugsa at dei blei slått i klasserommet som straff. Skottane lærte seg engelsk, og talet på språkbrukarar som berre tala skotsk-gælisk, sokk støtt og stadig. I 1971 registrerte ein 477 menneske som berre kunne dette eine språket. Etter dette har ikkje statistikken registrert menneske som utelukkande snakkar skotsk-gælisk.

Talet på tospråklege (skotsk-gælisk/engelsk) har halde seg høgt lenger. I 1891 var talet på tospråklege i Skottland 210,677, men sokk under 200,000 etter hundreårsskiftet. I 1951 var talet kome under 100,000. Frå 1961 - 1971 steig talet frå ca. 80,000 - 88,000, men sokk deretter vidare. Den siste oppteljinga av språkbrukarar frå 2001 registrerte altså 58,652.

Bruk av skotsk-gælisk i dag endre

 
Tospråklege vegskilt i Skottland.

Dei britiske styresmaktene har godkjent lite bruk av skotsk-gælisk i offisielle skriv, men det vert sett meir fokus på språket etter kvart som Skottland i stadig større grad ynskjer sjølvstende. I 2005 gjorde det skotske parlamentet eit vedtak som sikra meir stønad rundt språket, og særleg rundt arbeidet til språkrådet Bòrd na Gàidhlig. Dei har m.a. fått i oppgåve å sikra at skotsk-gælisk skal bli eit offisielt språk i Skottland.

I 2006 vart det opna ein reint skotsk-gælisk barneskule i Glasgow. Ifylgje Bòrd na Gàidhlig er det no over 2000 elevar som får skuleundervisninga si på skotsk-gælisk, i motsetnad til 24 i 1985. Skotsk-gælisk kan no sjåast på stadig fleire tospråklege skilt rundt om i dei gælisktalande områda i Skottland.

Også i andre land, t.d. Canada, blir det gitt undervisning i skotsk-gælisk. I 2009 vart det underskrive ein avtale om at skotsk-gælisk også kan brukast til ein viss grad offisielt i EU.

BBC starta den skotsk-gæliske fjernsynskanalen BBC Alba hausten 2008. Dei opererer også den gæliske radiokanalen BBC Radio nan Gàidheal, som har vore på lufta sidan 1985. Wikipedia har også ei utgåve på skotsk-gælisk med om lag 10 000 artiklar så langt.[2]

Kjelde endre

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikipediaskotsk gælisk


  Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.