North Petherton er ein liten by i Somerset i England. Han ligg i den austlege utkanten av fjellområdet Quantocks, og ikkje langt frå Somerset Levels.

North Petherton

St Mary-kyrkja i North Petherton
St Mary-kyrkja i North Petherton
St Mary-kyrkja i North Petherton
Plassering
North Petherton is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Somerset
Distrikt Sedgemoor
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

5 189
Koordinatar 51°5′N 3°1′W / 51.083°N 3.017°W / 51.083; -3.017
Diverse annan informasjon
Postnummer TA6
Telefon-retningsnummer 0 1278
Commons har multimedium som gjeld: North Petherton

Byen vart grunnlagd seinast på 900-talet og var viktig i angelsaksisk tid, men var ein landsby heilt fram til 1900-talet. Han var då ein av dei største stadane i landet som hadde status som landsby. I Domesday Book (1086) er staden nemnt som Nortperet. Namnet kjem av at han ligg på nordsida av elva Parrett. Sentrum er definert som eit Area of archaeological potential, og fleire bygningar er verna.

I nyare tid er North Petherton først og fremst ein soveby for Bridgwater som ligg fem kilometer mot nord, og Taunton 14 km mot sørvest. Han ligg ved ein av dei historiske rutene gjennom Somerset, og 1730-åra vart det opna ein hovudveg mellom Bridgwater og Taunton gjennom North Petherton. I 1970-åra vart M5 opna, noko som både førte til færre trafikkproblem i sentrum og gjorde byen meir attraktiv for pendlarar. Fleire nye bustadområde har kome etter dette. Byen ligg òg ved turvegen Macmillan Way.

Soknekyrkja St Mary the Virgin har eit 36 meter høgt tårn, som reknast for å vere eit av dei høgaste i West Country. Det meste av kyrkja er frå 1400-talet. Kyrkjeklokka vart laga i Bridgwater i 1807.

Det årlege North Petherton Carnival er ein del av West Country Carnival, og finn stad på søndagen etter første tirsdag i november.

Under den engelske borgarkrigen var det i august 1644 ei mindre trefning utanfor landsbyen, på staden der Fore Street no går mellom Community Centre og det tidlegare George Inn.

Kjelder endre