Taunton er administrasjonsbyen i Somerset i England. Han er òg administrasjonssenter for distriktet Taunton Deane. Namnet er ei samantrekning av Tone Town, frå elva Tone som renn gjennom byen.

Taunton

Tårnet på St. James Church ved County Ground
Tårnet på St. James Church ved County Ground
Tårnet på St. James Church ved County Ground
Plassering
Taunton is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Somerset
Distrikt Taunton Deane
Grunnlagd
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)

61 373
Koordinatar 51°1′N 3°6′W / 51.017°N 3.100°W / 51.017; -3.100
Diverse annan informasjon
Postnummer TA1, TA2, TA3, TA4
Telefon-retningsnummer 01823
Commons har multimedium som gjeld: Taunton

Ein meiner at det låg ein romano-britisk landsby ved forstaden Holway. I angelsaksisk tid var Taunton ein viktig stad, der kong Ine av Wessex reiste forsvarsvollar omkring år 700. Det vart grunnlagt eit kloster på staden før 904. Herregarden på staden vart ått av biskopen av Winchester, og det var gjennom biskopen at «Tauntonmennene» fekk det første chartret sitt av kong Edvard i 904. Chartret gav dei fridom frå all skatt til krona og grevskapet. Før Domesday Book vart nedteikna i 1086 hadde Taunton vorte ein krets (borough) med store privilegium. Han vart styrt av ein embetsmann utpeikt av biskopen.

I mellomalderen vart det halde store marknader og festivalar i byen, som særleg var kjent for ulltøyet kjent som «Tauntons». I 1627 vart han inkorporert, og korporasjonen styrde inntil 1792. Då fall chartret bort fordi det var for få medlemmar i korporasjonen, og eit nytt vart ikkje utskrive før i 1877. Mot slutten av 1700-talet gjekk det nedover med den engelske ullindustrien, og silkeveving vart introdusert.

Hausten 1685 budde George Jeffreys i Taunton under dei blodige rettsmøta etter slaget ved Sedgemoor.

Under andre verdskrigen var Bridgwater og Taunton-kanalen ein del av Taunton Stop Line, ei forsvarslinje meint å skulle stoppe ein eventuell tysk invasjon. Det er enno mogleg å sjå små bunkerar langs kanalen.

Kjelder endre