Northwood-ulukka fann stad 4. juli 1948 klokka 15:03 i luftrommet over Northwood i London i Storbritannia. To fly, eit Douglas DC-6 frå Scandinavian Airlines System (SAS) og eit Avro York frå Royal Air Force (RAF) kolliderte i lufta medan dei venta på å landa ved RAF Northolt. Alle 39 om bord i flya omkom. Det var den første dødelege ulukka til SAS, og var på den tida den dødelegaste flyulukka i Storbritannia.

Ein DC-6, Braathens LN-SUK

DC-6-maskina, med registreringsnummer SE-BDA og namnet «Agnar Viking», var på ei internasjonal ruteflyging frå Bromma lufthamn i Stockholm via Amsterdam Schiphol lufthamn til Northolt. Avro York-flyet, ein del av 99. skvadron og med serienummer MW248, var undervegs frå RAF LuqaMalta til Northolt. I tillegg til desse, deltok to andre fly over flyplassen som venta på løyve til å landa. Då ulukka fann stad var SAS-flyet klarert til ei høgd 2 500 fot, medan RAF-flyet skulle halda ei høgd på 3 000 fot. Det oppstod ein feilsituasjon i å stilla inn RAF-høgdemålaren på flyet. Ved ulukka heldt SAS-flyet på med ei stiging, etter at pilotane minutt tidlegare hadde vedteke å venda tilbake til Amsterdam.

Kjelder endre