Sjukehusinfeksjon
(Omdirigert frå Nosokomielt)
Sjukehusinfeksjon eller nosokomiell infeksjon er infeksjonar som oppstår ved helseinstitusjonar som sjukehus, sjukeheimar og liknande. Dei kan råka både pasientar og helsearbeidarar.
Ignaz Semmelweiss peika på rolla til sjukehus og legar som smitteberarar i 1847. For å hindra sjukehusinfeksjonar er svært strenge hygienereglar viktige, i tillegg til å kunna isolera pasientar med smittsame sjukdommar og varsam bruk av antibiotika for å hindra vekst av resistente bakteriar.
Den vanlegaste bakterien bak sjukehusinfeksjon er gule stafylokokkar (Staphylococcus aureus). Andre bakterietypar ein ofte knyter til slike infeksjonar er Escherichia coli og Klebsiella.
Sjukehusinfeksjonar kan delast inn i tolv hovudgrupper:
- urinvegsinfeksjon
- luftveisinfeksjon
- gastroenteritt
- postoperative sårinfeksjonar
- andre hudinfeksjonar
- intraabdominale infeksjonar
- osteomyelitt
- blodforgifting
- hjernehinnebetennelse
- luftrøyrsinfeksjon
- nyfødde-infeksjonar
- andre infeksjonar
Kjelder
endre- Schichtling, Ellen, «sykehusinfeksjon (SML-artikkel)», Store medisinske leksikon (SML)
- Delar av denne artikkelen bygger på «Vårdrelaterade infektioner» frå Wikipedia på svensk, den 31. desember 2010.