Hygiene er eit ord som eigentleg står for helsesam livsførsel. Det kjem frå det greske ordet hygieiná (helse) og heng i hop med ordet hygieía (sund, helsesam). Hygiéia var den greske gudinna for helse og reinsemd.

Handvask er ei enkel, men effektiv form for hygiene

Historikk endre

Tankar om hygiene og hygieniske levereglar har lange tradisjonar hjå ulike folk. I Egypt fanst det så tidleg som for 2500 år sidan nedskrivne reglar for reinhald både når det galdt mat, klede og kropp. Under antikken sette Hippokrates («lækjarkunstens far») opp hygieniske reglar med handvask ved kirurgiske inngrep,[1] og hjå hinduar har daglege bad alltid vore eit viktig ritual.[2]Romarane var kjende for ein omfattande badekultur som dei tok med seg og spreidde i koloniane. Dei forma òg eit lovverk som omfatta både reglar om daglege bad og om næringsmiddelhygiene. Dugande ingeniørar konstruerte akveduktar som førte drikkevatn både til hovudstaden og til fleire andre byar i det romerske og riket. Seinare vart tyrkiske bad og badekultur eit kjent omgrep langt utanfor det som har vorte kalla det osmanske riket. Både islam og jødedom har noggranne reglar om diett og handtering av mat, noko som òg kan oppfattast som rituelle former for livsmiddelhygiene.

</ref> I nordiske land var badstua viktig, fyrst og fremst i Finland. Under namnet sauna har finnane gjort denne badeforma verdskjend.

Så tidleg som i mellomalderen freista dei å leggja vekt på hygieniske aspekt når visse sjukdomar skulle førebyggjast. I pesttider skulle til dømes personar som tok hand om dei sjuke bera visse klede og masker der «dårleg» innandingsluft skulle reinast frå smitta med hjelp av ulike urter og dill.

 
Pestlækjar (Doctor Schnabel - gravering av Paul Fürst, 1656)

Etter kvart kom meir vitskaplege metodar med noggrannare observasjonar og aukande opplysning. Dermed kunne hygieniske åtgjerder og tiltak få eit meir vitskapleg og medisinsk opplegg. Så tidleg som på 1600-talet skreiv italienaren Bernardino Ramazizini (1633–1714) ei heller velkjend bok om det vi i dag skulle kalla yrkeshygieniske observasjonar - De morbis artificum diatriba. John Snow (1813–1858) kunne i 1854 stogga ein koleraepidemi i eit område i London ved å stengja ei vasspumpe. Seinare kunne han syna at smitta kom frå forureina drikkevatn.

Enda om Max von Pettenkofer (1818–1901) i Tyskland tok avstand frå viktige mikrobiologiske framsteg, drog han dei rette hygieniske slutsatsane av observasjonane sine. Dermed gjorde han hygiene til ein eigen vitskap. For etterverda har han kan henda vorte mest kjend for at han gjekk imot Robert Koch og vegra å gå med på at kolerabasillar var årsak til kolera. Som prov på si eiga oppfatning drakk han difor ved eitt tilfelle ein buljong som inneheldt kolerabasillar. Von Pettenkofer heldt seg frisk og kom dermed til å hemma mikrobiologisk forsking i fleire år framover. Andre har vore banebrytande når det gjeld å førebyggja det vi i dag kallar nosokomiale infeksjonar. I Wien klarte den ungarske lækjaren Ignaz Semmelweiss (1818–1865) å få ned den høge mortaliteten i barselfeber radikalt ved å krevja handdesinfeksjon av fødselshjelparane. Samtida tok han ikkje alvorleg, og det tok mange år innan tankane hans vann feste.

Med systematisk desinfeksjon kunne den skotske kirurgen Joseph Lister (1827–1912) minska infeksjonsfaren i samband med kirurgiske inngrep. I operasjonsalen let han operatørane desinfisera både hender, sår, instrument og luft med karbolsyre. Saman med dei røynslene som Semmelweiss gjorde, førte innsatsen til Lister etter kvart til viktige sjukehushygieniske grunnreglar (asepsis og antisepsis).[3]

For ettertida har Florence Nightingale (1820–1910) vorte mest kjend for den innsatsen ho gjorde under Krimkrigen (1853–1856). «Kvinna med lampa», som ho vart kalla, skipa då ei organisert form for sjukepleie som med reinhald og hygieniske reglar. På eit nærmast revolusjonerande vis tok ho seg av såra og skada soldatar. Seinare kunne Florence Nightingale føra over mange av røynslene frå Krimkrigen til den sivile heldetenesta der ho òg gjekk i brodden for å skapa eit betre lovverk på det sosialmedisinske området.

Miljøhygiene endre

Eigentleg gjekk dei hygieniske grunnprinsippa ut på å førebyggja sjukdomar ved å føra eit helsesamt liv og halda kroppen og omgjevnaden rein. Dessutan gjekk dei fleste hygieniske åtgjerdene ut på å hindra åtak frå skadelege emne. I dei fleste kulturar har det såleis vore viktig med personleg hygiene, fyrst og fremst kroppshygiene. Med utvikling av moderne samfunn og aukande kunnskap om den verknaden ulike kjemiske emne og fysikalske fenomen i omgjevnad og miljø kan ha på helse og trivsel har omgrepet hygiene etter kvart fått ei vidare tyding, og vi har fått det omfattande omgrep som miljøhygiene. Til miljøhygieniske tiltak kan ein rekna lovgjeving, reglar og åtgjerder som har til avsikt å førebyggja eller avgrensa skadeleg innverknad frå både mikroorganismar (smittevern) og andre skadelege emne i omgjevnaden.

Næringsmiddelhygiene endre

Hit høyrer åtgjerder og vilkår som er naudsynte for å tryggja heile kjeda ved framstilling av mat så næringsmidla våre er høvelege når dei skal konsumerast.[4]

Yrkeshygiene endre

Til yrkeshygieniske åtgjerder reknast både kartlegging av helsefarar i ulike yrke og vitskapen om korleis sjukdomar og skader i yrkeslivet kan førebyggjast. Arbeidet med å førebyggja skader og fremja helsa hjå arbeidstakarar omfattar både mikroorganismar og kjemiske og fysiske faktorar. Yrkeshygiene og arbeidsmedisin er nærskylde omgrep.[5]

Strålehygiene endre

I staden for å tala om strålehygiene nyttast no heller omgrepet strålevern. Her inngår arbeidet med å kartleggja og hindra skader både frå naturleg stråling og frå strålekjelder i medisin, industri og forsking.[6]

Bustadhygiene endre

Sosialmedisinsk er alt som har med bustadmiljøet viktig. Omgrepet bustadhygiene omfattar fyrst og fremst miljøet innandørs. Eit husvære får ikkje vera trongbudd og skal ha tilgang til reint vatn og gode renovasjonsvilkår. Det finst òg krav på bustaden når det gjeld temperatur, fukt, ventilasjon, lys, støy og larm, skadedyr og skadeleg mikroorgansimar som t.d. muggsopp. Med ordet segregering har omgrepet bustadhygiene på seinare tid fått eit utvida innhald. Det er ikkje berre viktig kor bra og helsesame husvære vi bur i. For folkehelsa er like viktig kvar bustaden ligg og korleis miljøet i omgjevnaden ser ut.[7]

Skulehygiene endre

Etter at folkeskulen vart innført, fekk skulehygienisk verksemd under dei samfunnstilhøva som rådde i fyrsten av 1900-talet viktige oppgåver. Barna skulle ikkje få dårleg helse av skulegangen. Dei skulehygieniske krava vart difor vidtfemnande og galdt både skulehus, undervisingsrom, skuleinventar og kost. I undervisningstimane skulle elevane kunna sitja utan å få kroppslege lyte, og klasseromma fekk krav på lempelege tilhøve når det galdt temperatur, fukt, lys og støy. I mange skular vart det innført skulemat med særskilt sunn og næringsrik frukost. Det vart òg laga forbetringar som galdt drikkevatn, toalett og handvask, kroppshygiene med dusj etter gymnastikk og tilgang til skulelækjar og skuletannlækjar.[8]

Smittevern endre

Smittevern går ut på å hindra og førebyggja skadeleg innverknad av mikroorganismar. Til vern for innbyggjarane har vi lover om vern mot smittsame sjukdomar og praktiske reglar for isolerings- og andre smittevernetiltak som går ut på å hindra at farlege smitteemne kjem inn og vert spreidde i landet.[9]

Førebygging av smitte i helseinstitusjonar endre

Smittefaren er størst der sjuke samlast – fyrst og fremst på sjukehus, men òg i andre typar av helseinstitusjonar. Her er noggrant smittevern særskilt viktig. I helseinstitusjonar gjeld smittevernet i prinsipp to vegar. Omgjevande miljø skal vernast for smitte frå smittsame pasientar, og pasientar skal vernast for smitte frå andre pasientar og omgjevande miljø. Som oftast er det mikrobar i den normale bakteriefloraen som er årsak til infeksjonar som oppstår i samband med behandling eller pleie på sjukehus eller andre helseinstitusjonar (nosokomiale infeksjonar).[10]

Handvask eller handdesinfeksjon endre

Dette høyrer til dei basale hygienerutinane ved alt arbeid med alle pasientar. Handvask (om hendene har synleg smuss) eller helst handdesinfeksjon (som både er effektivare og meir skånsamt for huda) bør utførast føre og etter alt arbeid med pasientar.[11][12] Ved fare for kontakt med kroppssekret frå pasientar med misstenkte eller kjende smitteemne kan åtgjerdene utvidast til å gjelda hanskar og i visse tilfelle forklede eller vernefrakk, munnbind og vernebriller.[13]

Isolering endre

Det kan vera naudsynt å isolera både særs smittsame pasientar og pasientar som på grunn av nedsett immunitet kan vera ekstra infeksjonskjenslege. For den sistnemnde gruppa gjev som oftast konsekvent gjennomførte hygienerutinar eit like bra smittevern som isoleringsåtgjerder.[14][15]

Desinfeksjon endre

Mindre enn 1 av 105 mikroorganismar skal overleva ein desinfeksjonsprosess. Dermed kan faren for smitte frå smitteførande gods reduserast eller eliminerast innan det skal handterast, enda om sterilitet ikkje er oppnådd. Ved preoperativ huddesinfeksjon skal infeksjonsfaren minskast ved å drepa den transiente hudfloraen føre inngrepet. Desinfeksjonsprosessen vert som oftast utført med hjelp av fysikalsk påverknad, varme eller med kjemiske desinfeksjonsmiddel.[16]

Sterilitet endre

Når talet på levande mikroorganismar (sporar medrekna) skal haldast så lågt at dei ikkje kan komma inn i sår og operasjonsfelt (aseptikk), lyt ein ha sterile tilhøve. Ein vanleg definisjon for sterilitet har i mange år vore < 1 levande mikroorganisme per 106 steriliserte føremål.[17]

Dei fleste steriliseringsmetodane nyttar varme, gass, stråling eller ultrafiltrering. Nokre steriliseringsmetodar kan ha med indikatorar. Desse kan berre syna om sjølve prosessen har gått rett til. Prov på sterilitet gjev slike indikatorar ikkje.

Blodsmitte endre

Ein klassisk sjukdom som kan smitta gjennom blod er syfilis. Blod og blodprodukt er òg ein viktig smitteveg både for hepatittvirustypane B, C og D og for HTLV I og II og HIV. Fleire utav desse mikroorganismane kan dessutan ofte påvisast i andre kroppsvæsker og (t.d.i spinalvæske, peritonealvæske, ledvæske og sårsekret - særskilt om slik væske inneheld blod). Faren for blodsmitte etter medisinske åtgjerder som inokulasjon med kontaminerte sprøyter mm. (inokulasjonssmitte) har minka sidan eingongsutstyr vart innført. Dessutan kan ein i dag med god effekt vaksinera mot hepatitt B (og dermed mot hepatitt D òg), både føre og (innan ei viss tid har gått) etter smittetilfellet.[18] Hanskar som nyttast på rett vis gjev eit godt barrierevern mot smitte frå kroppsvæsker.[19]

Strengare krav til blodgjevarar har saman med betre testar for gjevarblod langt på veg eliminert faren for transfusjonssmitte frå dei mikroorgansimane ein i dag kjenner til. For blod og blodprodukt har dessutan nyare og betre desinfeksjonsåtgjerder kome til og minska smitterisken ytterlegare når det gjeld bakteriar og virus.[20]

Vanlege desinfeksjons- og steriliseringsprosessar er ikkje effektive når det gjeld prionsjukdomar, så her er tilhøva meir innfløkte.[21]

Multiresistente bakteriar endre

Overdriven og uriktig bruk av antibiotika har verda over gjort mange farlege bakteriar resistente mot fleire utav våre viktigaste antibakterielle middel. Til å overvaka og motverka ei slik utvikling har reglar om korleis til dømes gule stafylokokkar (Staphylococcus aureus) skal handsamast, både i og utanfor helseinstitusjonar.[22]

Andre og multiresistente bakterietypar som ser ut til å skapa aukande problem er slike som kan danna ESBL (extended spectrum betralactamase) – t.d. Escherichia coli og Klebsiella pneumoniae.[23]

Avfallshandtering endre

I helsetenesta er det alltid viss risiko for at ein har med smittsame og/eller multiresistente mikroorganismar å gjera. Slike mikroorgansimar bør hindrast i å spreia seg vidare til miljøet med avfall og dilikt. Difor finst det føreskrifter om ansvaret for handtering og transport av avfall frå helsetenesta – både for menneske og dyr.[24]

Hygienepolitiske mistak endre

Ervehygiene endre

Eit anna ord for same omgrep er eugenikk som kjem frå gresk eu (god, vel) og genes (fødd). Omgrepet vart innført i 1882 av Francis Galton (syskenbarnet til Charles Darwin). Tankar om ervehygiene vart spreidde både i Europa og i Amerika i fyrsten av 1900-talet. Teorien gjekk eigentleg ut på både at menneskeætta stod i fare for å degenererast og at gode, ervelege eigenskapar difor skulle fremjast og ikkje ynskjelege eigenskapar skulle minskast.

Til og med i si meir moderate form førte læra i mange land til steriliseringslover og tiltak som tvangssterilisering med eit visst sosialt tilsnitt. «Ikkje ynskjeverde» grupper i samfunnet (omstreifarar, epileptikarar, alkoholikarar, sinnssjuke, til og med såkalla «reisande» m. fl.) skulle hindrast i å få avkom.

Rasehygiene endre

Dei ervehygieniske teoriane gjekk eigentleg ikkje ut på å fremja nokon særskild rase. Likevel gjekk nazistane i Tyskland både føre og under andre verdskrigen vidare. Fyrst vart menneske dei heldt for å vera mindreverdige individ drepne (eutanasi). I tillegg utvikla nazistane teoriar om visse mindreverdige raser som skulle utrydjast og sette difor i gang industrielle massedrap i særskilt konstruerte gasskammer. I nazistokkuperte land kosta dette fleire millionar menneske livet, ein tragedie som fyrst og fremst gjekk ut over jødar og rom-folk (genocid).

Ervehygienisk verksemd har etter andre verdskrig halde seg til individuell rådgjeving når det gjeld ervelege sjukdomar.[25] Eutanasi og miskunns- eller «barmhjertighetsdrap» som det vart kalla, har skjemt ut dette omgrepet så sterkt at samfunnsmessige omsyn ikkje har kome fram i seriøse ordskifte om eugenikk etter andre verdskrigen.

Moderne DNA-teknikk gjev nye føresetnader og nye aspekt på individretta opplysning og rådgjeving. I framtida kjem truleg dette til å vera eit viktig emne for vidare moralfilosofiske drøftingar.[26]

Kjelder endre

  1. Borchgrevink-Lund C-F, Sjaastad I (2001): «Hygienens historie» – i: Kompendium i hygiene og mikrobiologi, bind 6 - Mamut, Oslo. ISBN 82-91562-18-0. [1][daud lenkje]
  2. Ranganathan, V (2009). «Bathing "Snanam" in Hindu Culture» (på engelsk). National Council of Hindu Temples UK. Henta 26. juni 2010. 
  3. «Asepsis and antisepsis» (på engelsk). Surgical-tutuor.org.uk (a free on-line resource). Henta 29. juli 2010. 
  4. «Næringsmiddelhygiene» (på norsk bokmål). Helse- og omsorgsdepartementet. Henta 19. juli 2010. 
  5. IS Kristiansen (2009). «Yrkeshygiene». Store norske leksikon. Institusjonen Fritt Ord og Sparebankstiftelsen DnB NOR. Henta 19. juli 2010. 
  6. GS Braut (2009). «Statens strålevern». Store norske leksikon (på norsk bokmål). Institusjonen Fritt Ord og Sparebankstiftelsen DnB NOR. Henta 19. juli 2010. 
  7. Anonym (2008) «Sosiale miljøfaktorer – intensjoner og innhold» - Helsedirektoratet, nr. 12, s. 14. [2] Arkivert 2011-07-12 ved Wayback Machine. (pdf)
  8. Bjelland I (2007). «Ren i sinn er ren i skinn - skolefolk og medisineres ordskifte om norske skolebarns helse 1920-1957» (PDF) (på norsk bokmål). Historisk institutt, Universitetet i Bergen. Henta 27. juli 2010. 
  9. «Lov om vern mot smittsomme sykdommer» (på norsk bokmål). Lovdata Online. 2010. Henta 19. juli 2010. 
  10. «Tema: Smittevern i helseinstitusjoner». Folkehelseinstituttet. 2010. Henta 19. juli 2010. 
  11. Ojajärvi J (1980) «Effectiveness of hand washing and disinfection methods in removing transient bacteria after patient nursing» - J Hyg., vol. 85, nr. 2, s. 193-203. PMID 6778914. [3] (pdf)
  12. Brolin M, Anveden Berglind I, Boman A, Wrangsjö K, Meding B (2010) « Handsprit mer skonsamt än tvål och vatten. Bäst effekt för vårdpersonalens hud och mot smittöverföring» - Läkartidningen, vol. 107, nr. 1-2, s. 24-6. [4] (pdf)
  13. «Basale smittevernrutiner i helsetjenesten (basale rutiner)» (PDF) (på norsk bokmål). Folkehelseinstituttet. 2009. Henta 19. juli 2010. 
  14. Stene-Larsen G, Larsen B-I (2004): « Isoleringsveilederen. Bruk av isolering av pasienter for å forebygge smittespredning i helseinstitusjoner» - i: Smittevern, nr. 9 - Nasjonalt folkehelseinstitutt og Sosial- og helsedirektoratet, Oslo. ISBN 82-82-072-8. [5] (pdf)
  15. Borchgrevink-Lund C-F, Sjaastad I (2001): «Smitteisolering og beskyttende isolering» - i: Kompendium i hygiene og mikrobiologi, bind 6 - Mamut, Oslo. ISBN 82-91562-18-0. [6][daud lenkje]
  16. Borchgrevink-Lund C-F, Sjaastad I (2001): «Desinfeksjon – sterilisering» - i: Kompendium i hygiene og mikrobiologi, bind 6 - Mamut, Oslo. ISBN 82-91562-18-0. [7][daud lenkje]
  17. Weinstein RA, Siegel JD, Pearson, ML, Chinn RYW, DeMaria A Jr, Lee JT, Rutala WA, Scheckler WE, Stover BH, Underwood MA (2008): «Disinfection and Sterilization in Healthcare Facilities» - i: Guideline for Disinfection and Sterilization in Healthcare Facilities, 2008, (red. Rutala WA og Weber DJ), s. 58 - Centers for Disease Control and Prevention (CDC), Atlanta. [8] (pdf)
  18. «Hepatitt B» (PDF) (på norsk bokmål). Folkehelseinstituttet. 2009. s. 4–6. Henta 20. juli 2010. 
  19. Lingaas E; Flaatten H; Fosse E; von der Lippe E; Nilsen Ø; Ødegaard A; Skaug N; Olsen I; Stenvik R; Basmo O J; Svein Arne Nordbø; Lerche C; Gåsland A (1997). «Smittevernloven Veileder. Forebygging av blodsmitte i helsevesenet» (PDF) (på norsk bokmål). Statens helsetilsyn. Henta 17. juli 2010. 
  20. Solheim BG (2008) «Pathogen reduction of blood components» - Transfus Apher Sci., vol. 39, nr. 1, s. 75-82. PMID 18602343. [9]
  21. Sutton JM, Dickinson J, Walker JT, Raven ND (2006) «Methods to minimize the risks of Creutzfeldt-Jakob disease transmission by surgical procedures: where to set the standard?» - Clin Infect Dis., vol. 43, nr. 6, s. 757-64. PMID 16912952. [10][daud lenkje] (pdf)
  22. Stene-Larsen G, Larsen B-I (2004): «MRSA-veilederen. Nasjonal veileder for å forebygge spredning av meticillinresistente Staphylococcus aureus (MRSA) i helseinstitusjoner» - i: Smittevern, nr. 16 - Nasjonalt folkehelseinstitutt og Helsedirektoratet, Oslo. ISBN 978-82-8082-330-4. [11] (pdf)
  23. Haldorsen B; Naseer U; Sundsfjord A; Natås O; Grundt H; Bue B (2005). «Utbrudd av ESBL-produserende E. Coli i et norsk sjukehus» (på norsk bokmål). Folkehelseinstituttet. Henta 20. juli 2010. 
  24. Skagestad H, Fuglesang J E, Stavenes B, Harvold U, Svindland I, Solevåg Ø (2006): « Styring og handtering av avfall frå helsetenesta og dyrehelsetenesta» - Sosial- og helsedirektoratet, Oslo. ISBN 978-82-8081-086-1. [12] Arkivert 2015-10-31 ved Wayback Machine. (pdf)
  25. Brøgger A (2009). «Eugenikk». Store norske leksikon (på norsk bokmål). Institusjonen Fritt Ord og Sparebankstiftelsen DnB NOR. Henta 22. juli 2010. 
  26. Solberg B (2001) «DNA-mikromatriser og retten til ikke å vite» - Tidsskr Nor Lægeforen, vol. 121, nr. 10, s. 1274-8. [13]