Novorossijsk
Novorossiysk (russisk skrift Новоросси́йск; tsjerkessisk Цӏэмэз, Ts'emez) er ein by sør i Russland med den største russiske hamna ved Svartehavet i Krasnodar kraj. Han er ein av få byar som i Sovjetunionen fekk tittelen helteby. I 2007 hadde han om lag 230 000 innbyggjarar.
Novorossijsk Новороссийск | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Krasnodar kraj | ||||
Grunnlagd Bystatus |
1838 1866 | ||||
Borgarmeister | Vladimir Sinjagovskij | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
835 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
229 200 274,5 /km² | ||||
Koordinatar | 44°43′0″N 37°46′0″E / 44.71667°N 37.76667°E | ||||
Høgd over havet | 20 moh. | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 353900–353925 | ||||
Retningsnummer (tlf) | (+7)8617 | ||||
Nettstad: admin.novoros.com |
Historie
endreI antikken låg det ein gresk koloni kalla Bata ved breidda av Tsmessbukta som spesialiserte seg på kornhandel. Han er nemnd i verka til Strabon og Ptolemaios. Genovesiske handelsmenn frå Ghisolfi-familien opprettheldt ein handelsplass her i mellomalderen.
Sidan 1722 vart bukta kommandert av den osmanske festninga Sujuk-Qale eller Soğucak. Etter at kysten her vart avstått til Russland i 1829 etter den russisk-tyrkiske krigen grunnla admiralane Mikhail Lazarev og Nikolaj Rajevskij ein austleg base for svartehavsflåten i 1838. Han vart kalla opp etter provinsen Novorossija og hamna vart ein viktig del av kystforta kalla Svartehavslinja, som strekte seg sørover til Sotsji.
På det meste av 1800-talet utvikla Novorossisjk seg raskt og vart hovudstaden i Svartehavet gubernija, det minste i Det russiske riket, i 1896. Frå 26. august 1918 til 28. mars 1920 var Novorossijsk det viktigaste senteret for Denikin sin kvite arme og den kortvarige republikken Novorossija. Mange av dei kvite rømde frå Novorossijsk til Konstantinopel.
I 1942 vart byen okkupert av tyske Wehrmacht, men ei lita eining sovjetiske sjømenn forsvarte ein del av byen kalla Malaja Zemlja i 225 dagar, før han vart frigjeve av den raude armeen den 16. september 1943. Det heroiske forsvaret av hamna av ei sovjetiske sjømennene gjorde at dei hadde kontroll over bybukta og dermed hindre tyskarane i å nytte hamna til laste i land forsyningar. Novorossijsk fekk for dette tittelen helteby i 1973.
I 2003 signerte president Putin eit dekret for å byggje ein ny marinebase for svartehavsflåten i Novorossijsk.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Novorossiysk» frå Wikipedia på engelsk, den 30. november 2008.