Nuclear Suppliers Group
Nuclear Suppliers Group (NSG) er ei fleirnasjonal gruppe av land som arbeider med å avgrense spreiing av materiale, utstyr og teknologi som kan nyttast for å produsera kjernefysiske våpen. NSG blei skipa i 1974, opphavleg med sju medlemmer. I dag er medlemstalet 48 (2014).
Nuclear Suppliers Group (NSG) blei danna i 1974 etter at India si prøvesprenging hadde vist at sivil kjernefysisk teknologi også kunne brukast til å utvikla kjernefysiske våpen. Nasjonar som hadde underteikna Ikkjespreiingsavtalen (Nuclear Non-Proliferation Treaty – NPT) såg dei måtte leggja større avgrensingar på eksport av utstyr, material og teknologi knytt til kjernefysikk om dei ville avgrensa spreiinga av kjernevåpen. Eit anna siktepunkt for skipinga av NSG var å få med land som ikkje hadde underskrive Ikkjespreiingsavtalen eller deltok i den såkalte Zangger-komitten, då spesielt Frankrike.
Medlemsland
endreDei opphavlege sju medlemslanda i NSG er Canada, Vest-Tyskland, Frankrike, Japan, Sovjetunionen, Storbritannia og USA. I 1976-77 blei gruppa utvida med Belgia, Tsjekkoslovakia, Den tyske demokratiske republikken, Italia, Nederland, Polen, Sverige og Sveits. I 2004 blei Folkerepublikken Kina medlem. I 2014 hadde NSG 48 medlemmer:
- Argentina
- Australia
- Austerrike
- Belgia
- Brasil
- Bulgaria
- Canada
- Danmark
- Estland
- Finland
- Frankrike
- Hellas
- Irland
- Island
- Italia
- Japan
- Kasakhstan
- Kina
- Kroatia
- Kviterussland
- Kypros
- Latvia
- Litauen
- Luxemburg
- Malta
- Mexico
- Nederland
- New Zealand
- Noreg
- Polen
- Portugal
- Romania
- Russland
- Serbia
- Slovakia
- Slovenia
- Sør-Afrika
- Sør-Korea
- Spania
- Storbritannia
- Sverige
- Sveits
- Tsjekkia
- Tyrkia
- Tyskland
- Ukraina
- Ungarn
- USA
Kjelder
endre- «Participants», nuclearsuppliersgroup.org
- Lundbo, Sten. «Nuclear Suppliers Group» (19. november 2013), Store norske leksikon.
- Denne artikkelen bygger på «Nuclear Suppliers Group» frå Wikipedia på bokmål, og «Nuclear Suppliers Group» frå Wikipedia på engelsk den 24. november 2014.