Opna hovudmenyen
Deltaking i Ikkjespreiingsavtalen

██ Signert og ratifisert ██ Tilslutta ██ Overheld etter traktat, men utanfor (Taiwan)

██ Trekt seg (Nord-Korea) ██ Ikkje signert (India, Israel, Pakistan, Sør-Sudan)

Ikkjespreiingsavtalen (engelsk Nuclear Non-Proliferation Treaty, også kalla NPT-avtalen) er ein internasjonal traktat om ikkje å spreia atomvåpen i verda. Han blei underskriven i London, Moskva og Washington 1. juli 1968, og blei verksam 5. mars 1970. Avtalen er underskriven av 189 suverene statar (2014).

Innhaldsliste

InnhaldEndra

Avtalen forbyr statar som har atomvåpen å overføra desse til land som ikkje har atomvåpen fra før. Atommaktene skal heller ikkje oppmuntre eller hjelpa andre land med å skaffa seg slike våpen.

For statar som ikkje har atomvåpen legg avtalen ned forbod mot å motta desse eller å framstilla dei. Statar utan atomvåpen skal inngå kontrollavtalar med Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) med ikkje-spreiing som mål. Elles skal medlemslanda hjelpa kvarandre med å nytta atomenergi til fredelege formål. Dei skal også forhandla seg fram til ein stopp på atomkappløpet, til atomnedrustning og til generell og fullstendig nedrusting.[1]

Statar som har underteikna avtalenEndra

Statar som ikkje har underskrive eller har trekt seg frå avtalenEndra

  • Nord-Korea (underteikna 1985, men trekte seg frå avtalen i 2003).
  • Israel (har aldri underteikna avtalen)
  • India (har aldri underteikna avtalen)
  • Pakistan (har aldri underteikna avtalen)

KjelderEndra

  1. Dirk Roland Haupt: Förhandla om kärnvapennedrustning - Skyldighet enligt 1968 års icke-spridningsfördrag; i: Kungliga Krigsvetenskapsakademiens Handlingar och Tidskrift, 219:e årgången (2015), andra häftet, sid 114-130 (på svensk)

BakgrunnsstoffEndra