Nordre Saulo

fjell i Saltdal i Nordland
(Omdirigert frå Nuorttasávllo)

Nordre Saulo[2] eller Nuarrtasávvlo (pitesamisk), normert til Nuorttasávllo (lulesamisk), er eit fjell på grensa mellom Saltdal kommune i Nordland og Arjeplogs kommun i Norrbottens län i Sverige. Det har ei høgd på 1768 meter over havet og er det 545. høgaste fjellet i Noreg av fjella med primærfaktor på minst 50 meter. Fjellet ligg rett aust for Øvre Doarrovatnet og heng saman med Nuort Saulo på austsida av grensa, der det høgaste punktet er 1316 moh. Litt lengre sør, på sørsida av vatnet Mavasjaure og aust for grensa til Sverige, ligg Årjep Sávllo, eller Søndre Saulo.

Nordre Saulo
fjell
Nordre Saulo eller Nuorttasávllo
Land  Noreg,  Sverige
Område Saltdal kommune (Nordland)
Høgd 1 768[1] moh.
Primærfaktor 1 040 m
Kart
Nordre Saulo
66°59′03″N 16°11′36″E / 66.98428°N 16.19321°E / 66.98428; 16.19321
Wikimedia Commons: Nuorttasávllo

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. «Høyeste fjelltopp i hver kommune». Kartverket. Henta 19. august 2016. 
  2. «Fakta om stadnamn / Nordre Saulo». Kartverket. Henta 19. august 2016.