Nusha Hill
Nusha Hill (bulgarsk ‘Nushin Halm’) er ein klipperik ås med ei høgd på 241 m sør på Hurd Peninsula på Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Både aust-, sør- og vestsida av åsen er bratt og han er knytt til Doc Peak (301 moh) i nord via eit 220 moh høgt skard. Nusha Hill ligg oppom ein steinbre i sørvest, False Bay i aust og Glaciar Rocoso Cove i sør-sørvest. Det nærliggande området, der det vert utført mange geologiske og glasiologiske undersøkingar, er mogeleg å nå frå sjøen eller via ei rute over land som går frå Hurd Ice Cap langs South Bay ved Sally Rocks og via eit skard på 122 moh, som ligg 800 m sør for åsen.
Nusha Hill | |||
ås | |||
Nusha Hill frå False Bay.
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Livingston Island | ||
• høgd | 241 moh. | ||
- koordinatar | 62°42′32.5″S 60°24′06″W / 62.709028°S 60.40167°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Nusha Hill 62°42′32″S 60°24′06″W / 62.709°S 60.4017°W | |||
Fjellet er kalla opp etter Nusja Ivanova (f. 1986), som deltok på den bulgarske ekspedisjonen her i 2002/03.
Nusha Hill ligg 1,5 km nordaust for Binn Peak, 400 m sør for Doc Peak, 450 m sør-sørvest for Castro Peak og 4,51 km vest-nordvest for Canetti Peak på Rozhen Peninsula.
Kjelder
endre- Nusha Hill. SCAR Composite Antarctic Gazetteer.