For selskapet, sjå gruveselskapet Nussir.

Nussir (nordsamisk) er ei nemning på fleire landskapsområde i Finnmark, for det meste fjellformasjonar. Alle fjella markerer seg ved å vera separert frå eit større fjellmassiv med ein dal, skar eller «hals». I tillegg er dei alle svært bratte på den sida som vender ned mot låglandet.

Etymologi endre

Ordet nussir er falle ut av det samiske språket. Det finst ikkje noko i noko anna uralsk språk, så det er eitt av dei mange paleoeuropeiske orda i samisk. Namnet finst på fem ulike stader (Nussir (Alta), Nussirvárri (Alta), Nussir (Kvalsund) Galmmat-Nussir (Karasjok) og Gurbbeš-Nussir (Karasjok). Etter ei analyse av Ante Aikio[1] inngår ordet i ei gruppe med paleoeuropeiske stadnamn på -ir, som alle er namn på fjell på grensa mellom ei fjellvidde og ein fjord eller elvedal.

Kvalsund endre

Det største av fjella som ber namnet ligg ovanfor «Finnbyen» i bygda Kvalsund (Ráhkkerávju) i den tidlegare kommunen Kvalsund (Fálesnuorri), no i Hammerfest kommune. På norsk refererer namnet til tinden nærast bygda, medan resten av fjellmassivet blir kalla «Steinfjellet». På samisk, derimot, ber heile Steinfjellet dette namnet. I nærleiken av fjellet ligg to vatn som også ber namnet: Nussirjávri (norsk namneform: «Nussorvannet» (ved foten av tinden, og Nussir-Suolojávri (på norsk «Nedre Saltvannet») som ligg på den andre sida av Steinfjellet. Gamle dokument refererer òg til ei elv i Kvalsundtraktene som kallast «Nusserelv» - "nusser" er ei form av ordet ein ofte finn på eldre kart.

Alta endre

Ved Leirbotnvatnet mellom Alta og Kvalsund ligg ein annan tind kalla Nussir. Oppe på platået bak tinden ligg eit vatn som heiter Nussirjávri, frå vatnet renn elva Nussirjohka.

Anárjohka endre

Dei to andre stadene som ber namnet ligg heilt i andre enden av Finnmark, i Anárjohka nasjonalpark: Galmmatnussir og Gurbbešnussir, som ligg langs den nordvestre grensa av nasjonalparken.

Nussir og miljøvern endre

Nussir i Kvalsund fekk på 2010- og tidleg på 2020-talet mykje merksemd pga. selskapet Nussir ASA sine planar om å starta gruvedrift der, og konflikten med reindrifta det gav opphav til.

Kjelder endre

Litteratur