Opna hovudmenyen

Kvalsund kommune

kommune i Finnmark
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Kvalsund.

Kvalsund (nordsamisk Fálesnuori gielda, kvensk: Valasnuoran komuuni) er ein kommune i Finnmark fylke. Kommunesenteret ligg i tettstaden Kvalsund. Kommunen hadde 1 101 innbyggarar i 2008. Hovuddelen av Kvalsund kommune ligg på fastlandet, men til kommunenen høyrer og delar av øyane Kvaløya og Seiland. Kvaløya har fastlandstilknytning over Kvalsundbrua.

Kvalsund kommune
kommune
Ráhkkerávju Kvalsund from the southeast.JPG
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Finnmark
Adm.senter Kvalsund
Areal 1 844 km²
 - land 1 748 km²
 - vatn 96 km²
Folketal 1 027 (1. januar 2018)
Folketettleik 1 / km²
Målform bokmål
Ordførar Ragnar Olsen (Ap)
Kommunenr. 2017
NO 2017 Kvalsund.svg
Wikimedia Commons: Kvalsund
Nettstad: www.kvalsund.kommune.no

Innhaldsliste

HistorieEndra

FolketalsutviklingEndra

Folketalsutvikling for Kvalsund kommune frå 1920:

1.12.1920[1] 1.12.1930[2] 3.12.1946[2] 1.1.1951[3] 1.1.1961[3] 1.1.1971[3] 1.1.1981[3] 1.1.1991[3] 1.1.2001[3] 1.1.2010[3]
1223a 1579a 1877a 1906a 1844a 1777 1714 1360 1110 1026
a Dette talet omfattar ikkje eit område som vart overført frå Måsøy kommune til Kvalsund kommune i 1963. Dette området hadde då 34 innbyggjarar.

NæringslivEndra

Fiske, tilverking og omsetting av mellom anna torsk, er viktige næringsvegar.[4]

Det vart vunne ut kopar i området fram til 1931. På 1970-talet vart mineralet utvunne igjen ei stund. Det vart gjeve konsesjon for ny koparutvinning på slutten av 2010-talet,[4] med løyve til lagring av gruveavfall på botn av Repparfjorden.[5]

FotnotarEndra

  1. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Folkemengd i Kvalsund 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  4. 4,0 4,1 Trond Dalfest; Svein Askheim. «Kvalsund». Store norske leksikon. Henta 6. august 2019. 
  5. Espen Sandmo; Ellen Flå. Vil ha mer gruvedrift i Norge – må akseptere inngrep i naturen. NRK. Vitja 2019-08-06

BakgrunnsstoffEndra