Nutella

Nutella er eit sjokoladepålegg med hasselnøtt som blei til på 1940-talet. Det blir laga av den store sjokoladefabrikanten Ferrero.

Nutella på ei brødskive.

Pålegget er mykje brukt i Europa og noko mindre i Nord-Amerika. På heimesida til Nutella vert det sagt at ein sel meir av dette merket enn ein sel peanøttsmør i heile verda.

I tillegg til å ha pålegget på brødskiva er det i Frankrike òg vanleg å servera det med crêpes (pannekaker) som snøggmat.

Nudossi er ein austtysk konkurrent til Nutella.

AnnaEndra

Programvara Gnutella har fått sistedelen av namnet sitt frå Nutella.