Peanøttsmør
Peanøttsmør er eit pålegg av måla, tørrista peanøtter, ofte tilsett mindre mengder olje, sukker og salt.
Søraust-Asia
endreI Indonesia og andre delar av Søraust-Asia blir det dyrka mykje peanøtter, og dei inngår i mange matretter frå desse områda. I mange tilfelle blir peanøttene tilsette under matlaginga i form av peanøttsmør.[1]
USA
endreBruken av peanøttsmør er også utbreidd i USA, der det også blir dyrka mykje peanøtter.[2] I amerikansk matkultur brukar ein til dømes peanøttsmør som pålegg, ofte i kombinasjon med syltetøy i ein peanøttsmør- og syltetøysandwich (Peanut Butter and Jelly eller PB&J).
Peanut butter cup, ein sjokolade fylt med peanøttsmør, er også populær i USA.
Kjelder
endre- ↑ Norman, Jill. Den lille boken om søte & gode smakstilsetninger. no#: Ex Libris. ISBN 8273842193. «Ristede peanøtter og peanøttsmør er ofte benyttet i sauser i Sørøst-Asia og Indonesia. Peanøttsmør brukes også i bakverk i Nord-Amerika. Vi kjenner peanøttsmøret som brødpålegg.»
- ↑ «U.S. peanut production 2022». Statista (på engelsk). Henta 4. mars 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Peanøttsmør» frå Wikipedia på bokmål, den 16. november 2024.