Koordinatar: 59°57′3.1860″N 10°46′1.0020″E

Nydalen (opphavleg kalla Nygårdsdalen, tidlegare Ellendalen og i mellomalderen Fallandadalen[1]) er eit strok på båe sider av nordre parten av Akerselva i Oslo, i Bydel Nordre Aker. Frå å ha vore eit typisk industristrok som utvikla seg på 1800-talet med både tekstilfabrikkar som Nydalens Compagnie og jarnverket Christiania Spigerverk, har det på slutten av 1900-talet vorte totalt endra til eit strok med kontorverksemder og bustadblokker. Frå 2005 har Handelshøyskolen BI hatt hovudsete i Nydalen.[2]

Eit parti av Nydalen med Akerselva i framgrunnen. Tidlegare vart dette ein part av området som jarnverket Christiania Spigerverk («Spikerverket») disponerte, og Akerselva var då lukka på denne strekninga.
Foto: Algkalv
Nydalen T-banestasjon
Foto: Kjetil Ree
Kart over Nydalen frå år 1900.

Akerselva gjennom stroket, som tidlegare var energikjelda for fabrikkar, tilgrisa av avfallsvatn og overbygd på store strekningar av fabrikk- og lagerbygningar, har vorte opna att, reinska for skadeleg tilsig og vorte lagt til rette for både bading og fisking.

Mykje av areala i Nydalen er i privat eige, inklusive gategrunnen. Trafikkskilta innafor det private området er ikkje dei offisielle, sjølv om dei liknar, men med andre farger, og handhevinga av reglane skjer på privatrettsleg grunnlag.

Kommunikasjon endre

Eit par-tre bussliner går inn i Nydalen. Jarnbanelina Gjøvikbanen har haldeplass i Nydalen, og T-banen har stasjon her, Nydalen stasjon.

Kjelder endre

  1. Oslo byleksikon side 402
  2. Oslo byleksikon side 230

Bakgrunnsstoff endre