Gjøvikbanen
Gjøvikbanen mellom Oslo Sentralstasjon og Gjøvik heitte eigentleg Nordbanen. Strekninga frå Grefsen stasjon (i Oslo) til Røykenvik vart opna 18. desember 1900, og strekningane frå Jaren til Gjøvik og frå Kristiania Østbanestasjon (Oslo Ø) til Grefsen stasjon vart opna 26. november 1902.
Gjøvikbanen, som er elektrisk drive og einspora (dobbeltspora på ei stutt strekning mellom Grefsen stasjon og tilknytinga til spora inn på Oslo Sentralstasjon), er viktig både for persontrafikken mellom Oslo og Gjøvik, for lokaltrafikken mellom bustadsområda og verksemdene i Nittedal kommune og Oslo, og for godstransporten mellom Oslo og Bergen på strekninga mellom Oslo og Roa stasjon, der Roa-Hønefosslinja mellom Roa og Hønefoss stasjon knyter Gjøvikbanen til Bergensbanen. Gjøvikbanen har samband med terminalen og skiftestasjonen for godstog på Alnabru i Oslo over Alnabanen, som tek av frå Gjøvikbanen på Grefsen stasjon i Oslo.
På Grefsen stasjon er det òg eit sidespor som knyter Gjøvikbanen til T-banenettet i Oslo, slik at vedlikehaldsmaskinar kan køyrast frå jarnbanen inn på T-banenettet, som har den same sporbreidda. Men persontoga frå jarnbanen kan ikkje nyttast i T-banenettet.
Før Oslotunnelen vart bygd og Oslo Sentralstasjon opna, var det var to åtskilde endestasjonar i Oslo, Oslo V og Oslo Ø, for kvart sitt nett av jarnbanelinjer. Gjøvikbanen var knytt til Oslo Ø, og ved at Bergensbanen var knytt til Gjøvikbanen på Roa, var Oslo Ø stasjonen for toga mellom Oslo og Bergen. Alle toga mellom Oslo og Bergen gjekk over Roa lenge etter at Oslotunnelen og sentralstasjonen var bygd. Men no blir ruta over Roa stort sett berre brukt av godstoga på Bergensbanen, medan persontoga mellom Bergen og Oslo går over Drammen mellom Hønefoss og Oslo Sentralstasjon. Roa-Hønefosslinja har heilt frå opninga vore ein del av Bergensbanen, men etter at strekninga hovudsakleg har vorte ei godstoglinje, har ho fått sitt eige namn.
Gjøvikbanen hadde tre sidelinjer: Røykenvikbanen, Valdresbanen og Skreiabanen. Alle er i dag nedlagt.
Linjekart
endreTeiknforklaring | ||||||||||
| ||||||||||
123,83 km | Gjøvik (1902) | |||||||||
Hunnselva (29 m) | ||||||||||
Industrispor | ||||||||||
Lillehammervegen (76 m) | ||||||||||
122,45 km | Norsk olje | |||||||||
Kirkeby (1929) | ||||||||||
121,40 km | Øveraasen motorfabrikk | |||||||||
33 Minnesundvegen (ca. 80 m) | ||||||||||
Kolonien (1929) | ||||||||||
119,38 km | Nygard (1902 - 11. juni 2006) | |||||||||
Nygardsbakken | ||||||||||
Taubaneveien | ||||||||||
Skogli (1929) | ||||||||||
115,11 km | Breiskallen (1902) | |||||||||
Myhre (1929) | ||||||||||
Solhaug (1929) | ||||||||||
Raufoss torv (1929) | ||||||||||
Fv82 Østvollvegen | ||||||||||
Korterudsvingen | ||||||||||
111,70 km | Raufoss (1901) | |||||||||
Hunnselva | ||||||||||
Industrispor | ||||||||||
Løvåsbakken | ||||||||||
(ca. 70 m) | ||||||||||
Roksvoll (1929) | ||||||||||
246 Røstøenvegen (28 m) | ||||||||||
106,65 km | Reinsvoll (1901) | |||||||||
Skreiabanen | ||||||||||
Bruflat (1929) | ||||||||||
Fiskevollen (1940) | ||||||||||
100,89 km | Eina (1901) | |||||||||
Einavatnet (21 m) | ||||||||||
Skjelbreiaveien | ||||||||||
Valdresbanen | ||||||||||
Strømstadelva (ca. 20 m) | ||||||||||
96,93 km | Hågår (1901) | |||||||||
91,80 km | Kutjern (1902) | |||||||||
86,12 km | Hennung (1923 - juni 2006) | |||||||||
81,23 km | Bleiken (1901) | |||||||||
Fv44 Hennungvegen | ||||||||||
34 Røykenviklinna | ||||||||||
Røykenvikbanen (1900-1957) | ||||||||||
71,92 km | Jaren (1900) | |||||||||
69,60 km | Nordtangen (1961 - juni 2006) | |||||||||
67,66 km | Gran (1900) | |||||||||
Vigga (ca. 15 m) | ||||||||||
Haslerudgutua | ||||||||||
61,13 km | Lunner (1900) | |||||||||
Blåsbortveien | ||||||||||
Roa–Hønefosslinja | ||||||||||
57,74 km | Roa (1909) | |||||||||
Røste (172 m) | ||||||||||
Kleiva (197 m) | ||||||||||
53,39 km | Grua (1901) | |||||||||
Grua (278 m) | ||||||||||
50,47 km | Rundelen (1964 - juni 2006) | |||||||||
Fjellhammerveien | ||||||||||
49,11 km | Bjørgeseter (1902 - juni 2006) | |||||||||
47,18 km | Viubråtån (1937) | |||||||||
45,74 km | Harestua, opphavleg namn: Furumo (1984) | |||||||||
44,03 km | Harestua, nedlagd, no: Monsrud kryssingsspor (1901) | |||||||||
40,83 km | Stryken (1917) ikkje dagleg trafikk | |||||||||
Hadelandsveien | ||||||||||
Hakadalselva (21 m), grense Oppland–Akershus | ||||||||||
36,00 km | Jensrud blokkpost | |||||||||
34,48 km | Elnes (1939 - juni 2006) | |||||||||
32,07 km | Hakadal (1900) | |||||||||
30,35 km | Varingskollen (1934) | |||||||||
Fjellveien | ||||||||||
27,73 km | Åneby (1905) | |||||||||
Åneby (177 m) | ||||||||||
24,26 km | Nittedal (1900) | |||||||||
Movatn (175 m) | ||||||||||
grense Akershus–Oslo | ||||||||||
19,34 km | Movatn (1927) | |||||||||
17,68 km | Snippen (1934) | |||||||||
15,85 km | Sandermosen (1909 - juni 2006) | |||||||||
Rådalen II (24 m) | ||||||||||
Rådalen I (55 m) | ||||||||||
sidespor til Kjelsås Bruk | ||||||||||
10,28 km | Kjelsås (1900) | |||||||||
Kjelsåsveien (ca. 17 m) | ||||||||||
Rolf Wickstrøms vei (26 m) | ||||||||||
Sandakerveien (ca. 8 m) | ||||||||||
Christiania Spigerverk | ||||||||||
8,13 km | Nydalen (1946) | |||||||||
Storo bru | ||||||||||
Storo T-banestasjon (2003) | ||||||||||
Sidespor knytt til T-banen i Oslo (2003?) | ||||||||||
6,82 km | Grefsen (1900) | |||||||||
Hans Nielsen Hauges gate (22 m) | ||||||||||
Sinsen T-banestasjon (2006) | ||||||||||
Trondheimsveien | ||||||||||
Sinsen | ||||||||||
Kornmagasin | ||||||||||
Båhusveien | ||||||||||
Alnabanen til Alnabru | ||||||||||
Sinsenveien | ||||||||||
Hasleveien | ||||||||||
4,96 km | Tøyen blokkpost | |||||||||
Grenseveien (ca. 18 m) | ||||||||||
4,45 km | Tøyen (1904) | |||||||||
Økernveien (ca. 10 m) | ||||||||||
Hovinveien (ca. 20 m) | ||||||||||
Fellesstrekningen i aust på T-banen i Oslo | ||||||||||
Ensjøveien (ca. 20 m) | ||||||||||
Ensjø T-banestasjon (1966) | ||||||||||
Rolf Hofmoes gate (ca. 10 m) | ||||||||||
Strømsveien | ||||||||||
Etterstad (ca. 400 m) | ||||||||||
Gardermobanen (ett spor) | ||||||||||
Hovudbanen | ||||||||||
2,57 km | Etterstad Gardermobanen (to spor) | |||||||||
Enebakkveien (ca. 16 m) | ||||||||||
2,17 km | Kværner (1958 - 1977) | |||||||||
(1987, 34 m) | ||||||||||
Vålerenga Hovudbanen | ||||||||||
1,69 km | Hovudsignal 249 | |||||||||
St. Hallvards gate | ||||||||||
Oslo gate (ca. 20 m) | ||||||||||
Grønland Østfoldbanen | ||||||||||
Nylandsveien | ||||||||||
0,27 km | Oslo S (1854) | |||||||||
Oslotunnelen (1980) | ||||||||||
til Skøyen |
Bakgrunnsstoff
endre- Gjøvikbanen på Nittedalsporten Arkivert 2010-12-30 ved Wayback Machine.