Nye Minnesundbrua

Nye Minnesundbrua er ei vegbru som inngjekk i ny E6-trasé frå Gardermoen til Minnesund. Brua er ei stålbjelkebru med brudekke av armert betong. Brua har eit 80 meter langt hovudspenn, elles varierer spennviddene mellom 49 og 59 meter. Seglingshøgda er 15 meter, og brua har 9 spenn. Brua kosta ca. 55 millionar kroner, og stod ferdig til OL på Lillehammer i 1994.

Nye Minnesundbrua
Nye Minnesundbrua
Nye Minnesundbrua.jpg
Typevegbru
Opna1994
StrekningE6
KryssarMinnesundet
TransportererBiltrafikk – 2 felt

Nye Minnesundbrua
60°24′0″ N 11°13′0″ E

Dei tre bruene over Minnesundet, samt ei ferjekai frå 1800, blei i 2002 foreslått verna i Nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminne. Riksantikvaren freda Nye og Gamle Minnesundbrua 17. april 2008.[1]

Utviding frå to til firefelts veg av E6 på strekninga Dal-Minnesund starta hausten 2009 og skal vere ferdig i 2011. I det høvet blir også Minnesundsbrua utvida til fire felt. Vanlegvis ville ei slik utviding blitt gjort ved å bygge ei ny bru ved sidan av den gamle, men i dette tilfellet blir den gamle brua utvida på begge sider med eitt nytt felt. 12. januar 2010 skreiv Statens vegvesen kontrakt med entreprenøren NCC om å gjere arbeidet.

KjelderEndra

  1. «Forskrift om fredning av broer i Statens vegvesens eie». Lovdata. 18. april 2008. Henta 3. juni 2018. 

BakgrunnsstoffEndra

Sjå ògEndra