Nymark Idrettslag
Nymark Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande i bydelen Årstad i Bergen kommune, skipa 20. april 1921. Idrettslaget er aktivt med i fotball, friidrett og sykling. Laget spelar i svartkvite stripete trøyer og svarte bukser og strømper.
Nymark IL var med i Arbeidernes Idrettsforbund og hevda seg godt i AIF-meisterskap og -turneringar. Etter 2. verdskrigen spelte Nymark høgt oppe i seriesystemet til 1950-åra. Frå 1960-talet deltok laget på nivå 4 til 6 i lokalfotballen. I 1980-åra var kvinnelaget eit dei beste i Noreg, med mellom andre landslagsmålvakta Reidun Seth i stallen. Hausten 1985 vann laget seriefinalen.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Nymark Idrettslag» frå Wikipedia på bokmål, den 28. april 2018.