Nynorsk Vekeblad

(Omdirigert frå Nynorsk vekeblad)

Nynorsk Vekeblad var eit bildeblad med artiklar og forteljingar som kom ut i tida 1934–1954. Då For Bygd og By gjekk inn ved nyttår 1932, vart det våren 1933 nedsett ei arbeidsnemnd for eit nytt nynorsk vekeblad. Første nummeret av Nynorsk Vekeblad kom 20. juni 1934. Det kom som ei sideutgåve av Illustrert Familieblad. Det var 10 sider med eigeprodusert stoff på nynorsk. Resten var stoff omsett frå Illustrert Familieblad. Ein del av dette var lysingar. Ved krigsutbrotet i april 1940 stogga bladet. Samarbeidet med Illustrert Familieblad tok slutt. Etter at ny finansiering var ordna, kom Nynorsk Vekeblad ut att 1. oktober 1940. No som eit heilt sjølvstendig blad. Frå 1943 vart det overteke av Fonna Forlag som gav ut bladet fram til 1954.

Teikneseriane Ingeniør Knut Berg på eventyr og Vangsgutane har utspringet sitt i Nynorsk Vekeblad.

Redaktørar endre

Redaktørar har vore:

Kjelder endre