Vangsgutane

norsk tegneserie

Vangsgutane er ein klassisk norsk teikneserie skriven av Leif Halse og med teikningar av Jens R. Nilssen. Serien vart først gjeven ut som ein serie i vekebladet Nynorsk Vekeblad frå 1940 til 1954 og har også kome ut som julehefte sidan 1941. Vangsgutane er meint som ein underhaldande og oppsedande serie for born og unge. Serien tek for seg dei prektige og veslevaksne brørne Steinar og Kåre Vangen, som bur på eit småbruk i TodalenNordmøre. Tekstane i serien er på nynorsk.

Format endre

Seriehefta har seks bilete på kvar bladside, og under kvart enkelt bilete er det ein femlinjers tekstbolk. Originalteikningane til dei hefta Jens R. Nilssen illustrerte, er i svart-kvitt. Etter ein kort overgang med firefargars bilete har alle hefta kome i fargar.

Hovudpersonar og innhald endre

Serieskaparen Leif Halse fekk av forlagssjefen i Fonna Forlag i oppdrag å lage ein teikneserie med hovudpersonar som kunne vere førebilete for unge. Resultatet vart etter kvart Vangsgutane, eit slags snilt svar på Knoll og Tott med «to gutar som ikkje berre gjorde galne strekar».

Serien handlar om dei tidleg farlause brørne Steinar og Kåre, som er høvesvis 12 og 10 år gamle. Då faren døydde, måtte dei ta ansvar for arbeidet på garden saman med mora Sigrid Vangen og oksen Peik. Denne vanskelege situasjonen syner for alvor kva dei er god for. Serien har ein klår moral: Det går deg bra med ærleg framferd og strevsamt arbeid, medan dei som ikkje er like flinke, blir dårleg lønt. Steinar og Kåre Vangen er arbeidsame og gjer alltid det som rett er. Figuren Larris er Vangsgutane sin motsats. Han er rampete, lat og doven, og difor går det ofte ille med han.

Forutan hovudpersonane, den veslevaksne Steinar og den velmeinte, men noko naive Kåre, er det mange andre figurar som går igjen i serien. Mellom dei finn vi Sigrid Vangen, mora til gutane; Sterk-Ola Bakken, ein stødig ven av familien Vangen som ofte hjelper til der det trengst; og husmannsguten Larris, som driv med rampestrekar og som gjerne vil øydeleggje for Vangsgutane. Andre figurar treffer ein sjeldnare på. Mellom desse er Martin Skjorhagen, den hissige, ustødige faren til Larris; Klure, som ofte er i lag med Larris og gjer fantestrekar; bondekaksen Hallstein Breiset; moster Ane, syster til Sigrid Vangen; og den vene Gullbjørg, ei jente som særleg Larris er forelska i. Dyra i serien har same eigenskapane som sine eigarar: Oksen Peik på Vangen er sterk, roleg og til å stole på; hunden Troll i Skjorhagen er mindre sympatisk.

Utgjevingar og illustratørar endre

Vangsgutane blei først presentert i Nynorsk Vekeblad nummer 17 som kom ut 6. november 1940. Serien heldt fram i vekebladet til 1954. Allereie i 1941 kom serien ut som julehefte, og har gjort sidan med unnatak av åra 1944, 1946 og 1963. Det siste nyskrivne heftet kom ut til jula 1981. I 1953 og 1983 kom serien òg som sommarhefte. Frå 1983 har Fonna Forlag gjeve ut julehefta som opptrykk av tidlegare seriar. Frå 2002 har teikningane vore fargelagde. I juleheftet for 2011 kom den første nye forteljinga om Vangsgutane på 30 år. Sverre Årnes stod for teksten og Ivan Andreassen var teiknar.[1]

Teksten til Vangsgutane er skriven av Leif Halse, med unntak for juleheftet i 1981, då han samarbeida med sonen Kåre Halse.

Følgjande har teikna serien:

I 1961 blei serien teikna av ein anonym kvinneleg teiknar.

Anna endre

I 1973 kom Vangsgutane i bokform. Boka hadde tekst som forteljing på annakvar side. På den motsette sida var teikningar til teksten. Teksten var her og av Leif Halse og teikningane av Jens R. Nilssen. Denne boka kom både på nynorsk og bokmål. I 2009 vart denne boka utgitt i USA. Ho vart kalla The Boys from Vangen. Ho er med tekst både på engelsk og norsk.[2]

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Vangsgutane, Fonna forlag 2011
  2. http://www.astrimyastri.com/

Bakgrunnsstoff endre