Nyttelast
Nyttelast er maksimal masse eit køyretøy kan lasta. Det er med andre ord differansen mellom totalmassen og massen til køyretøyet utan last. For køyretøy med tilhengar vert nyttelasta rekna ut separat for trekkvogna og tilhengaren. Det er aksellasta som vert regulert av myndigheitene, så nyttelasta lyt fordelast slik at maksimal aksellast ikkje vert for stor.
Dei som transporterer gods er ansvarlege for at tillate akseltrykk ikkje vert overstige og myndigheitene ilegg dugeleg bøter for overlast. For å gjera det lettare å utnytta nyttelasta til køyretøyet utan å overstiga tillate akseltrykk vert massen til ulike typar varer ofte ført opp på emballasjen av produsenten. Bileigaren er ansvarleg for å fordela nyttelasta slik at tillate aksellast ikkje vert overstige på nokon av hjulgangane. For nokre typar last, som tømmer, grus og stein, kan det vera vanskeleg å vurdera massen til lasta.