O'Brien Island

O'Brien Island er ei lita klipperik øy som ligg 2 nautiske mil (3,7 km) sørvest for Aspland Island i Sør-Shetlandsøyane. Namnet går attende til minst 1822 då britiske og amerikanske selfangarar vitja området.

O'Brien Island
øy
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Øygruppe Sør-Shetlandsøyane
Del av Sør-Shetlandsøyane
Høgd 540 moh.
Koordinatar 61°30′S 55°58′W
Administrert under Antarktistraktaten

O'Brien Island
61°30′0″ S 55°58′0″ W
O'Brien Island is located in Antarktis
O'Brien Island (Antarktis)

Øya har store hekkekoloniar av ringpingvinar (21 000 par i 1977) og sørhavhest (8000 par). Ho er derfor rekna som eit viktig fugleområde (Important Bird Area, IBA) av BirdLife International.[1]

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. «O’Brien Island». BirdLife data zone: Important Bird Areas. BirdLife International. 2013. Henta 11. januar 2013. 

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «O'Brien Island» (innhald frå Geographic Names Information System).