Obbola
Koordinatar: Obbola er ein svensk tettstad i Umeå kommun i Västerbottens län i landskapet Västerbotten. I 2005 hadde tettstaden 1 486 innbyggjarar. Tettstaden ligg på øya med same namn, ved utløpet til Umeälven, der ho delar seg i Västerfjärden og Österfjärden.
GeografiEndra
Øya Obbola er den 42. største øya i Sverige i areal.[1] Västerfjärden, som ligg vest for øya, skil Obbola frå Strömbäck og friluftsområdet Kont. I nord er øya knytt til fastlandet via Bergöbrua (E12), i aust med Holmsund via Obbolabrua.
IndustriEndra
SCA har ein fabrikk i Obbola, og til denne kjem det kvart sjette minutt ein trailer med trevirke som skal bli til papp. Veden utgjer ca. 50 % av det totale råmaterialet til papirmassen, den øvrige halvdelen kjem frå returpapir, som dels vert samla inn i Sverige, og dels vert importert.
BakgrunnsstoffEndra
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Obbola» frå Wikipedia på bokmål, den 6. juli 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene: