Obolonkrateret er eit nedslagskrater kring 200 km søraust for Kiev i Ukraina i Poltava oblast. Det har ein diameter på 20 km.[1][2] Det er gjort boreprøvar i krateret og ein har funne spor av sjokkmineral og smelta bergartar som følgje av nedslaget. Det høge klorinnhaldet indikerer at området på den tida var dekt av eit grunt hav.[3] Ein har estimert at nedslaget skjedde for 169 ± 7 million år sidan (midtre juratida).[4]

Obolonkrateret
krater
Land  Ukraina
Koordinatar 49°35′N 32°55′E / 49.583°N 32.917°E / 49.583; 32.917
Diameter 20 km
Periode midtre juratida
Planet Jorda
Alder 169 ± 7 millionar år
Kart
Obolonkrateret
49°35′00″N 32°55′00″E / 49.583333333333°N 32.916666666667°E / 49.583333333333; 32.916666666667

Det er foreslått av geofysikaren David Rowley frå University of Chicago, i lag med John Spray frå University of New Brunswick og Simon Kelley frå Open University, at Obolon var ein del av ei mogeleg gruppe av nedslag som òg danna Manicouagankrateret nord i Quebec, Rochechouartkrateret i Frankrike, Saint Martin-krateret i Manitoba og Red Wing-krateret i Nord-Dakota. [5] All kratera var tidlegare kjende og studerte, men det har vist seg at alle kratera låg på linja i tida då dei oppstod. Rowley har sagt at sannsynet for at desse kratera tilfeldigvis skal ha blitt danna på same linje er lik null.[6]

Kjelder endre

  1. Masaitis, V. L.; Danilin, A. N.; Karpov, G. M.; Raikhlin, A. I. (1976). «Karla, Obolon' and Rotmistrovka astroblemes in the Europaan part of the USSR». Doklady Akademii Nauk SSSR (på russisk) 230: 174–177. 
  2. Val'ter, A. A.; Gurov, E. P.; Ryabenko, V. A. (1977). «The Obolon' fossil meteorite crater astrobleme on the northeast flank of the Ukrainian Shield». Doklady Akademii Nauk SSSR (på russisk) 232: 170–173. 
  3. Gurov E.P., Gurova E.P. (1995). "Impact melt composition of the Obolon crater: chlorine as a possible indicator of the submarine crater formation". Meteoritics, v. 30, p 515. Abstract
  4. «Obolonkrateret». Earth Impact Database. University of New Brunswick. Henta 4. september 2012. 
  5. Spray, J.G., Kelley, S.P. and Rowley, D.B. (1998). "Evidence for a late Triassic multiple impact event on Earth". Nature, v. 392, s. 171–173. Abstract
  6. Steele, Diana (19 March 1998). «Crater chain points to impact of fragmented comet». University of Chicago Chronicle.