Ocean Harbour er ei lang bukt på nordkysten av Sør-Georgia 2,5 km vest-nordvest for Tijuca point. Det låg ein aktiv kvalstasjon her mellom 1909–1920

Ocean Harbour
bukt
Land  Storbritannia
Stad Sør-Georgia
 - koordinatar 54°20′S 36°16′W / 54.333°S 36.267°W / -54.333; -36.267
Kart
Ocean Harbour
54°20′00″S 36°16′00″W / 54.3333°S 36.2667°W / -54.3333; -36.2667
Historiske og moderne busetnader på Sør-Georgia med Ocean Harbour
Historiske og moderne busetnader på Sør-Georgia med Ocean Harbour
Historiske og moderne busetnader på Sør-Georgia med Ocean Harbour
Ocean Harbour is located in Antarktis
Ocean Harbour (Antarktis)
Wikimedia Commons: Ocean Harbour, South Georgia

Namna «New Fortune Bay» og «Neufortuna Bay», truleg etter den norsk-argentinske kvalbåten «Fortuna», som deltok under bygginga av den første permanente kvalstasjonen i Grytviken i Sør-Georgia i 1904-05, vart nytta om denne bukta i 1922 av Filchner under Den tyske antarktisekspedisjonen, 1911-12. Etter ei kartlegging av øya i 1951-52, rapporterte South Georgia Survey at bukta lokalt vart kalla Ocean Harbour, eit namn som kjem frå Ocean Whaling Co, som på denne tida hadde ein stasjon her.

Historie endre

Gamle selkokingskjeler står framleis ved bukta og det same gjer vraket av «Bayard», ein 1300 tonn, 67 meter lang båt med jernskrog frå 1864. Fartøyet låg fortøydd ved kjølestasjonen i 1911 då det sleit seg under eit uvêr. Ocean Harbour var staden der reinsdyr først vart sett ut på Sør-Georgia av den norske kvalfangaren Carl Anton Larsen og broren hans i november 1911.

Det ligg ein liten gravplass ved Ocean Harbour med åtte graver. Ei av desse er den eldste kjende grava på øya - grava til Frank Cabrial (1820) frå selfangstskuta «Francer Allen». Merket på grava er borte, men somme av dei andre gravene er framleis merkte.

Kjelder endre

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Ocean Harbour» (innhald frå Geographic Names Information System).