Odd Bergh (28. juni 193712. januar 2023) var ein norsk friidrettsutøvar, som spesialiserte seg i tresteghopp og lengdehopp og som representerte SK Freidig i Trondheim. Åra 1960-64 vann han seks norske meisterskap i hoppøvingar, fire i lengdehopp og to i tresteghopp. Han vart i 1964 tildelt kongepokalen for sigeren i lengdehopp på 7,40 meter. I tillegg var han med å vinne tre NM-gull i stafett. Sesongen 1962 sette han norsk rekord i tresteghopp med 15,63 meter og vart nummer sju i øvinga i EM i Beograd. Bergh vart bestemann av dei norske utøvarane i EM då han vart nummer sju i tresteghopp.

Odd Bergh
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. juni 1937
Død

12. januar 2023 (85 år)

Idrett friidrett
Utmerkingar

Kongepokal

Bergh gjorde sitt lengste lengdehopp nokon gong då han i 1964 vann sin siste NM-tittel med 7,40 meter.

Aktiv endre

Bergh sette personleg rekord med 14,62 m under NM 1958 i Trondheim. For bestehoppet fekk han bronsemedaljen, berre slått av favorittane Eilif Fredriksen og Jakob Rypdal. I 1960 tok han sin fyrste NM-tittel då han overraskande gjekk til topps i lengdehopp. Gjennom sesongen imponerte han likevel meir då han sette personleg rekord med 15,19 meter, årsbeste i øvinga i Noreg. Både i 1962 og 1963 vart han dobbelmeister i NM. I 1962 forbetra han elles den 23 år gamle noregsrekorden i tresteghopp med 14 cm til 15,63 m. Ut i september månad 1962 vart han 7,40 m og vart tildelt kongepokalen for beste prestasjon under meisterskapen. Sesongane 1965-68 heldt Bergh fram med å sanke NM-medaljar i lengdehopp og tresteghopp, endå om det vart nokon gullmedalje. I alt vann 16 NM-medaljar (6-5-5) i hoppøvingane i perioden 1958-68.

Medaljar i norske meisterskap endre

  • 1958: Bronse i tresteghopp – 14,62 m
  • 1959: Bronse i tresteghopp – 14,58 m
  • 1960: Gull i lengdehopp – 7,01 m, framom Bernt Johannessen (6,78 m)
  • 1961: Sølv i tresteghopp – 14,98 m, bakom Martin Jensen (15,35 m)
  • 1962: Gull i lengdehopp – 7,13 m framom Harald Pettersen (7,00 m), og tresteghopp – 15,63 m, framom Kjell Bjøntegård (15,16 m)
  • 1963: Gull i lengdehopp – 7,28 m, framom Hans J. Flåthen (7,12 m), og tresteghopp – 15,44 m, framom Karl Johan Løwe (15,08 m)
  • 1964: Gull i lengdehopp – 7,40 m, framom Øivind Hopland (7,17 m), og sølv i tresteghopp – 15,19 m, bakom Martin Jensen (15,34 m)
  • 1965: Sølv i lengdehopp – 7,01 m, bakom Harald Pettersen (7,10 m), og bronse i tresteghopp – 15,27 m
  • 1966: Sølv i tresteghopp – 15,33 m, bakom Martin Jensen (15,78 m), og bronse i lengdehopp – 7,12 m
  • 1967: Sølv i tresteghopp – 15,58 m, bakom Kjell Artur Paulsen (15,63 m)
  • 1968: Bronse i tresteghopp – 15,29 m

Berghs personlege rekordar er 15,64 meter i tresteghopp og 7,40 meter i lengdehopp.

Kjelder endre