Odd Lien Grønvik (31. mai 191818. desember 1999) var ein norsk nevrolog som verka som overlege og dommar i Trygderetten.[1]

Odd Grønvik
Fødd 31. mai 1918
Død

18. desember 1999 (81 år)

Yrke lege

Grønvik tok medisinsk embetseksamen frå Universitetet i Oslo desember 1946.[1] Han vart spesialist i nevrologi 1955 og EEG i 1959. Han hadde ein omflakkande praksis i åra 1946–1953 (Lofoten, Bergen, Oslo). Frå 1953 til 1972 hadde han nevrologisk sjukehuspraksis ved Rikshospitalet og Statens senter for epilepsi i Sandvika. Han var medisinsk medlem i Trygderetten frå 1973 til 1985 og var då samtidig bedriftslege i Dagbladet.[1]

Han var gift (1946-1999) med kullkamerat og seinare spesialist i psykiatri og barnepsykiatri Einfrid Perstølen, og dei fekk fire born.

Odd Grønvik vart arrestert 15. oktober 1943 av den tyske okkupasjonsmakta i Noreg i lag med om lag 50 andre studentar og 10 professorar. Dette var før den store studentaksjonen. Han var først fange i Noreg, og frå desember 1943 i Alsace, Frankrike og seinare Tyskland. Han vart frigjeven 23. desember 1944. Under opphald i Sennheim (nå Cernay) og Bitzweiler var han tillitsmann for dei norske studentane/fangane. Seinare i livet engasjerte han seg for krigsfangane og gav ut fleire verk om «KZ-syndromet» som følgde av å ha vore fangenskap.[1]

Odd Grønvik var formann i Yngre Legers Forening 1958–1963 og medlem av Legeforeningens landsstyre 1956–1965.[1] Han var medlem av Krigsseilerkommisjonen av 1957.

Kjelder endre