Trygderetten
Trygderetten er eit norsk domstolliknande forvaltingsorgan som handsamar anker over NAV sine vedtak etter Folketrygdlova og nokre andre lover. Trygderetten er eit uavhengig organ som blei oppretta i 1967, med heimel i Lov om anke til trygderetten av 16. desember 1966 nr 9. Trygderetten sine avgjerder kan angripast ved anke til lagmannsretten. Anke til Trygderetten er gratis, men kan i ein del tilfelle ta lang tid.
Leiar for Trygderetten er Knut Brofoss.