Odd Henrik Sælen

Odd Henrik Sælen (fødd 8. juni 1920 i Bergen, død 23. januar 2008) var ein norsk oseanograf. Han arbeidde særskild med hydrografien i Norskehavet.

Odd Henrik Sælen
Fødd8. juni 1920
Bergen
Død23. januar 2008
NasjonalitetNoreg
Yrkeoseanograf
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Universitetet i Bergen
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Han tok doktorgraden i 1963 og vart professor i fysisk oseanografi ved Universitetet i Oslo i 1965. Frå 1978 var han professor i oseanografi ved Universitetet i Bergen.

Sælen vart medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi i 1971.

Kjelder endre

«Odd_Henrik_Sælen» i Store norske leksikon, snl.no.