Opna hovudmenyen

Odd Steinar Holøs (8. april 192231. august 2001) var ein norsk journalist, byråkrat og politikar frå Rakkestad. Han representerte Østfold og Kristeleg FolkepartiStortinget i 1972/73-sesjonen, og perioden 1981-89.

Odd Holøs
Fødd8. april 1922
Død31. august 2001
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar

Holøs gjekk ut frå handelsgymnas i Fredrikstad i 1944. Han arbeidde som formannskapssekretær i Rakkestad kommune 1945-46, og var samstundes redaktør i Østfold Bygdeblad 1945-47. Frå 1946 til -50 var han journalist i Vårt Land, deretter redaksjonssekretær i Dagsavisa 1950-63. Ved sidan av var han frå 1957 på ny redaktør i Østfold. I 1964 slutta han som bladfyk då han fekk stillinga som sosialsjef i Rakkestad kommune, ei stilling han beheldt til han i 1981 fekk fast plass på Stortinget.

Holøs var varaordførar i Rakkestad frå 1956 til 1967. Tidleg hausten 1963 var han i fire veker statssekretær i Sosialdepartementet i den svært kortliva Lyng-regjeringa. Frå 1957 til 1958 var han formann i KrFs ungdomssorganisasjon.

18.oktober 1972 vart østfoldrepresentanten, og partifellen til Holøs, Lars Korvald, utnemnd til statsminister i Noreg. Som fyrste vararepresentant for partiet tok Holøs sete på Stortinget resten av sesjonen, til dess Korvald på ny hamna på Tinget etter stortingsvalet 1973. Holøs var 1972/73 medlem i Justiskomitéen og 1981–89 medlem i Sosialkomitéen, den siste fireårsbolken som nestleder i komitéen. Elles var han visesekretær i Odelstinget 1981-85, samt 1985-89 medlem av den mindre viktige Valkomitéen.

KjelderEndra